FINNØY: 27 deltakarar frå sju bedrifter møtte til første av fire kveldar til skytekonkurranse i skyttarhuset på Leikvoll.

-Me håpar at dette skal bli ein tradisjon, og at kanskje endå fleire bedrifter blir med, seier sponsoransvarleg i Finnøy skyttarlag, Folke Helle til Øyposten.

-Det var god stemning, og folk fylgde spent med på storskjerm frå kaféen når konkurrentane skaut. Der kunne dei kosa seg med kaffi og vafler, opplyser Helle.

Skyttarlaget fekk spørsmål frå bedrifter om dei kunne arrangera bedriftsskyting, og det var ikkje nei i deira munn.

-Me vil gjerne gi noko tilbake til sponsorane våre, understrekar Folke Helle.

Konkurransen enda med fylgjande resultatliste:

Vinnar av vandrepokal Grieg Seafood

Vinnar av gavekort Bjørn Egil Gard, Finnøy Elektro

  1. premie og gullmedalje Eirik Horvei, Mowi

  2. premie og sølvmedalje Roy Evan Strømskag, Grieg Seafood

  3. premie og bronsemedalje Zsolt Vajda, Lauvsnes Gartneri