Så mykje kjøpeutbyte fekk medlemmane i Coop Finnøy og Rennesøy i fjor

Tysdag i sist veke kom Coop med tal på kor mykje kundane har fått i kjøpeutbyte i 2022.

Oppmodinga er klar: F.v. Anita Vestbø, butikkleiar Anita Henden i midten og Ann-Elin Løvik på Coop Vikevåg.
Publisert: Publisert:

Coop sine medlemmar får eit kjøpeutbytte på minst éin prosent på alt dei handlar i daglegvarebutikkane og på Byggmixen.

Butikkleiar i Coop Vikevåg, Anita Henden, opplyser til Øyposten at deira medlemmar fekk utbetalt rundt 2.250 000 kroner for fjoråret.

– Det er som forventa. Talet er nokså likt som i fjor, med ei utbetaling på rundt 2,2 millionar kroner.

Høgste kjøpeutbyte nokon gong

Kundane kan ta ut bonus så ofte dei ønskjer, og dei kan bruka pengane på nye daglegvarehandlar eller overføra til eigen bankkonto. Det går og an å konvertera bonusen til flyreiser og hotellovernattingar.

Coop Marked i Østhusvik melder om eit kjøpeutbyte på 158. 365 kroner.

På Coopen på Judaberg opplyser dagleg leiar Per Ove Rosland, at dei aldri før har betalt ut så stort kjøpeutbyte til medeigarane som i år.

– Me er svært stolte av å kunne utbetala snautt 1.7 millionar kroner. I fjor var talet rundt 1.5 millionar, så dette er ein fin auke, fortel Rosland.

Grunnstammen i kjøpeutbyte i Coop-systemet er 1 prosent, men butikken på Finnøy gir 3 prosent utbyte.

– Anbefaler du medlemmane å la pengane stå på konto?

– Ja, det gjer eg. Kundane får renter på same måte som i bankane og med same satsar.

Totalt har medlemmane i butikken på Judaberg 32 millionar kroner på bok.

I desse dagar betaler Coop- kjeda ut 1,3 milliardar kroner i kjøpeutbyte over heile landet.

Publisert: