Prøver å lokka Finnøy-ungdom til elektrofaget
Elektrofaget er eit av dei mest spennande faga for framtida, meiner Halvard Bøe, som troppa opp i 10. klasse på Finnøy skule for å marknadsføra elektrofaget.
FINNØY: «Framtida er elektrisk», var bodskapen til Halvard Bøe, som til dagleg jobbar i BB Elektro på Finnøy.
Ifølge Bøe var det nesten ingen frå Finnøy som satsa på elektrikarfaget etter ungdomsskulen.
-Det er nå det gjeld å kapra dei, nå når dei skal velja framtidig yrkesutdanning, seier han.
To til elektro
Av dei elevane Øyposten snakka med etter at Halvard Bøe hadde hatt ordet, var det to som siktar seg inn mot elektrofaget.
-Det verkar til å vera ein kjekk jobb, seier Marius, som synes det var ok å høyra Halvard fortelja om yrket sitt.
-Det var kjekkare enn ein vanleg time, seier Andreas Aandstad.
At yrket er interessant, kan Halvard Bøe stadfesta.
-Det er sjeldan ein dag som er lik. Me er ute på masse forskjellig. Ein dag kan det vera eit bolighus, ein annan dag ute på eit oppdrettsanlegg og ein tredje dag montering av solceller, seier han.
Ifølge Bøe slit bedrifta han jobbar i med å få tak i folk.
-Me treng ein lærling og to elektrikarar, opplyser han.
Gode jobbutsikter
Blant argumenta for å velja elektrikaryrket, er at dei som vel dette kjem raskare ut i arbeidslivet enn dei som vel studiespesialisering.
-Ein lærar kan ha 400.000 i studiegjeld ferdig utdanna, mens ein elektrikar har tent 3,5 millionar kroner. For ein elektrikar får 550.000 kroner i løn i læretida, understrekar han.
I tillegg er det gode utsikter til å få jobb lokalt, du kan koma raskt inn på bustadmarknaden og det stengjer ingen dører for vidare utdanning.
-Kvifor trur du så få vel denne retninga?
-Eg trur dei unge veit for lite om yrket, og kor kjekt og interessant det eigentleg er. Eg håpar at dei har fått litt smaken på elektrikar-jobben etter at eg har vore her. Det er stor mangel på fagarbeidarar. I 2035 vil landet mangla 90.000 med utdanning innan yrkesfag, seier Halvard Bøe.