Karin driv butikk sju dagar i veka: – Når folk vil inn, må me ha ope
Joker Ombo må gjere det den kan for å få det til å gå rundt.
– Etter at ferjene blei gratis, reiser fleire til Judaberg eller Hjelmeland for å handle, fortel Karin Ågesen i landhandelen i Eidssund:
– Dei kan spare nokre kroner på Kiwi, seier dei. Dei spør om kvifor eg ikkje kan opne Kiwi her ute.
Men Karins landhandel på Ombo har noko dei ikkje har på Coop eller Kiwi: Ho har ope kvar søndag.
Tilpassar seg
Øyposten var i helga på privat tur til Hjelmeland. Der handla me mjølk og brød laurdag, i forvissinga om at det ikkje er søndagsopne butikkar på Judaberg.
Men då me søndag ettermiddag stod i ferjekø i Eidssund, etter først å ha tatt hydrogenferja Hydra til Skibavik, var det full fart hos Joker Ombo. Der var det ferske brød i hyllene, og der blei det til og med servert gratis kaffi.
– Når folk kjem og vil inn, må me ha ope, seier Karin.
Ho eig butikken og bur sjølv i andre etasje. Til dagleg har ho ein butikksjef som tek seg av drifta, men han jobbar tilnærma vanleg veke. Når det må takast eit ekstra tak til uvanlege tider, er det Karin sjølv som trør til.
Tøffe tider
På dei ikkje landfaste øyane i Finnøy er det Joker-butikkane som rår. Fleire av desse har søndagsope i turistsesongen.
Karin Ågesen seier ho må gjere det ho kan for å prøve å få det til å gå rundt.
– Først hadde me straumprisane som blei mangedobla. Så steig rentene, fortel Karin.
Då ferjene blei gratis for snautt eitt år sidan, auka handelslekkasjen.
Ein positiv ting er den svake krona, som gjer at fleire tyske turistar i Jørstadvågen handlar lokalt.
– Tyskarane og hytteeigarane har vore flinke til å handle her, seier ho.
Mykje jobb
Ifølgje Proff.no omsette Joker Ombo i fjor for 8,4 millionar kroner, som var ein million kroner ned frå året før. Driftsresultatet blei minus 640.000 kroner.
– Me gjer det me kan gjennom sommaren, så får me sjå korleis tala ser ut til hausten, seier Karin.
Ho kunne pensjonert seg for ti år sidan, men held det gåande:
– Eg jobbar elleve timar kvar dag sju dagar i veka, så og sei. Eg strikkar ikkje, og eg heklar ikkje. Kva anna skulle eg gjort her på Ombo viss eg ikkje hadde hatt butikken?
– Du kunne gått på blåbærtur.
– Nei, ikkje det heller.
Langt butikkliv
Karin kjem frå Jæren. Ho gifta seg til Ombo. Mannen har eit småbruk på Jørstad.
– Når eg høyrer det kjem folk frå Jæren her, kan eg slå om på dialekten, seier ho.
Nå har ho drive lokalbutikken på Ombo i kring 30 år.
Ferja som skal til Judaberg kjem sigande inn. Øyposten takkar for kaffien og angrar på at me handla i Hjelmeland. Brøda i hylla til Joker Ombo ser betre ut.