Heile laurdag gjekk ferjene på E39 over Boknafjorden frå Arsvågen til reservestøet på Hanasand.

Frå søndag klokka 04.30 går ferjene frå Arsvågen til Mortavika att, melder Fjord1 seint laurdag kveld.

Både onsdag og laurdag denne veka måtte ferjeselskapet ty til Hanasand for å finne ly for vestavinden.

Eik tatt av vinden ved Nådå denne veka. Foto: Sigbjørn Høidalen

Etter ein periode med mykje ruskete vær, ser meldinga framover betre ut for øyane. Vindene skal roe seg, og frå tysdag og ut resten av veka skal det bli opphaldsvær, ifølgje Yr.

Værvarsel for Finnøy dei neste dagane. Foto: Yr.no