Finnøy Grendalag: Fryktar dominerande trafostasjon
Grendalaget på Finnøy fryktar eit domminerande bygg viss den nye trafopstasjonen blir plassert på tomta til tidlegare Finnøy Motor, heiter det i høyringa sendt til NVE.
FINNØY: På denne tomta står det i dag eit næringsbygg, opphavleg bygde som bilverkstad. Ei plassering av trafostasjonen her vil bli svært dominerande og også ta ein del utsikt frå bustadene på oversida av Fv. 519.
Plassering her vil også bli svært nær eksisterande busetnad på nabotomta mot
nord. Den kjøpte tomta ligg i øvre kant av eit relativt flatt område. På flaumkartet til kommunen ligg denne tomta svært ugunstig til ved ekstraordinær vêrforhold som kan føra til langt over normal nedbør, og med det i flaumområdet for overvatn.
Tomt nr. 1 den beste
Grendalaget meiner tomt namngitt som nr. 1, vil vera eit langt betre alternativ. Denne ligg litt lågare i terrenget og det vil også vera enkelt å senka denne tomta med 2 til 3 meter.
Med mur og god drenering på oversida, vil ikkje installasjonar på denne tomta
vera like mykje utsett for overvatn som tomt 1.7. Tomtealternativ 1 ligg også i større avstand til eksisterande bustader, og transformatorstasjonen vil ikkje ta utsikt frå bustader i byggjefeltet ovanfor då eksisterande næringsbygge på nabotomta, som i dag inneheld bedrifta Agromiljø, allereie er omlag like høgt eller høgare enn trafostasjonen vil bli.
Denne tomta vil også gi ca. 100 meter kortare strekk for kabel frå ilandføringspunktet for sjøkabel frå Fogn. Jordkabel vidare mot sjøkabel til
Rennesøy vil bli omlag som for 1.7, eller litt kortare. Fordelingsnett frå trafo og mot dei største belastningspunkta mot nord, vil bli lik som for 1.7.
Finnøy Grendalag tilrår derfor sterkt at trafostasjonen blir plassert på tomt 1, og at tomteareal for naudsynte deler for installasjonane blir senka med eit par meter i høve til dagens kotehøgde.
10 år gammalt faktagrunnlag
Finnøy grendelag meiner at eit traséval der ein går for jordkabel er det einaste
alternativet som er aktuelt.
Vi er kjente med at i Meld. St. 14 (2011–2012) Vi bygger Norge – om utbygging av strømnettet, står det at luftspenn skal vera hovudregelen. Men vi vil understreka at denne Stortingsmeldinga byggjer på eit faktagrunnlag som er meir enn 10 år gammalt.
Så vel teknologisk kunnskap som krav til ei kvalitativ god samfunnsutvikling har endra seg mykje på desse åra. Vi vil peika på eit eksempel på utbygging av straumnett som til fulle viser at ny teknologi og nye lovkrav Lov om folkehelse – folkehelseloven av 2011, har endra faktagrunnlaget, og dermed også grunnlaget for å ta avgjersler om luftspenn eller jordkabel. Utbygging av straumnettet i Hadsel kommune blei lagt i jordkabel som gir stor forsyningstryggleik.
Større trygghet
Nyare forsking viser at jordkabel gir større forsyningstryggleik ved at jordkabel gir
20% av tapet som ei luftlinje gir. Samstundes krev folkehelseloven av 2011 at ein i
utbyggingssaker skal vektleggja korleis kraftlinjer som luftspenn vil påverka trivsel og helse. Utbygginga av straumnettet i Hadsel kommune med jordkabel gav store positive visuelle verknader som medverkar til trivsel og helse.
Finnøy grendelag vil også påpeika den alvorlege situasjonen med krig i Europa der vi ser korleis ei krigsmakt kan øydeleggja infrastruktur ved å ta ut straumforsyninga.
Vi vil vidare visa til folkemøtet på Finnøy der det blei opplyst om at firmaet Sweco
sine tal for kostnadene ved å leggja jordkabel samanlikna med luftspenn ikkje er
avvikande forskjellige. Sweco påpeikar at kabel i grøft er det alternativet som er mest lønsamt. Det er rimeleg å forventa at utbyggjar lnett må leggja fram
kostnadsoverslag for jordkabel samanlikna med luftspenn.
Ny vassleidning
Vidare viser vi til at Stavanger kommune ønskjer å leggja ny vassleidning og byggja gang- og sykkelsti i den traseen som er meld aktuell for jordkabel. Eit samarbeid mellom Stavanger kommune og lnett vil etter Finnøy grendelag si vurdering har synergieffekt for begge partar.
Vi vil i det vidare grunngi ytterlegare kvifor vi meiner eit traséval der ein går for
jordkabel er det einaste alternativet som er aktuelt.
Vi grunngir dette ut frå følgjande moment:
Kulturlandskap
Visuelle verknader
Folkehelse
Friluftsliv
Naturmangfald
Næringsinteresser
Dei melde traséane for luftlinjene går gjennom kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA) og vil forringa desse landskapa ut frå visuelle verknader.
Store luftlinjer over desse landskapa vil øydeleggja eit kulturhistorisk landskap. Vidare er det slik at dette vil gå ut over allmenn glede av å kunna nytta kulturlandskapet til friluftsliv.
Vil øydeleggja naturopplevinga
Folkehelselova krev at ein greier ut korleis eit vedtak om å leggja kraftleidningen i
luftlinje vil påverka trivsel og helse. Ut frå Finnøy grendelag si vurdering vil luftlinjer øydeleggja for gleda av å nytta naturen til rekreasjon og friluftsliv.
Det er ikkje høge installasjonar på øyane våre og det melde luftspennet vil ha øydeleggjande visuelle verknader og slik også kunne ha sterk innverknad på trivsel og helse. I Stavanger kommune er dei områda for melde traséval som luftspenn svært viktige turområde og bør ut frå eit folkehelseperspektiv vernast frå ei så alvorleg inngripande visuell verknad.
Det er vidare slik at fleire raudlista fugleartar held til i områda. Vi vil
særleg setta fokus på hubroen. Forsking viser at 60% av dei hubroane ein finn
drepne, er døde fordi dei har kollidert med høgspentlinjer/-master.
Finnøy grendelag vurderer at naturmangfaldet må ivaretakast og at luftspennet her vil ha store skadeverknader som vil vera inngripande over tid og som det ikkje vil vera råd å gjera avbøtande tiltak for.
Sist, men ikkje minst viktig vil vi slutta oss til dei innspela Finnøy bondelag kjem med. Eit traséval som luftspenn vil bandleggja jordbruksjord og slik føra til tapte inntekter for gardsbruk.
Finnøy, 23. februar 2023
Finnøy Grendalag
Erling Landa (sign)
Leiar