Torsdag gjekk hovudentreprenør Grunn-Service AS og byggherre Stavanger kommune ferdigbefaring på den kraftig rehabiliterte kunstgrasbanen i Vikevåg.

– Me har gitt klarsignal til Mastra IL og Rennesøy FK om at dei frå og med i dag kan ta i bruk 11-erbanen, seier idrettsrådgjevar Jan Ove Ringstad til Øyposten torsdag ettermiddag.

– Halvsirkelen i sør blir framleis stengt av med byggegjerde. Denne delen skal etter planen ferdigstillast neste veke, legg han til.

Banen i Vikevåg er blant anna arena for a-laget til Mastra når dei må spele kampar på seine haustkveldar. Naturgrasbanen på Mosterøy manglar flomlys, og kunstgrasbanen på Mosterøy er mykje opptatt til treningar.

– Godt at banen i Vikevåg er klar. Då kan ting bli meir normalt her, seier dagleg leiar Kenneth Fuglestad i Mastra IL.

Den gamle kunstgrasbanen i Vikevåg var utsliten etter berre ni år. Banen hadde ujamt underlag som blei ein fare for både spelarar og miljøet. Store mengder kunstgrasfiber blei riven laus, og dekket hadde hol og sår som det var lett å snuble i.

Nå skal alt vere såre godt.

Banen i Vikevåg er nå speleklar med ny støytdempande kunstgrasmatte.

Kart som viser kunstgrasbanen i Vikevåg: