Slik såg himmelen over Judaberg ut i morgontimane

Den intense lillafargen kjem frå ledlysa i tomatgartneria, og er synleg berre ei kort tid.

Dette er eit syn som stadig blir vanlegare å sjå i Finnøy og Rennesøy.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

Øyposten har blitt fortalt at lillafargen kjem frå ledlysa i drivhuset kor det står små, nye planter. Dei små plantene absorberer ikkje så mykje lys, difor blir lillafargen intens. Når plantene veks og blir større absorberer dei meir lys og mindre blir reflektert ut i rommet. Er det kvit plast på golvet forsterkar det lyset ytterlegare. Og når skydekket i tillegg er «rett» og skyene reflekter lyset ned igjen, blir lillafargen ekstra tydeleg på himmelen.