Meteorologen med gladmelding om helgevêret

Nyt vêret mens du kan. På måndag snur det og dagane framover får mykje regn.

Det blir for det meste fint vêr heile helga.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

I dag, fredag blir det sol, kaldt og skyfritt gjennom heile dagen. Det fine veret vêret held seg til i morgon. Frå ettermiddagen blir det ein litt meir skya vêrtype med vind frå sør-aust opp til liten kuling. Ingen nedbør.

Sundag blir i det store og heile mykje lik laurdagen.

– I låglandet vil nok ikkje vinden merkast særleg, men være obs om du skal på fjellet. Elles er det berre å gleda seg over helgevêr før regnet sett inn over heile vestlandet på måndag. Rogaland vil likevel ikkje få det verst, opplyser vakthavende meteorolog Ingri Halland Soldal, ved Værvarslinga på Vestlandet.