Desse aktivitetane får pengar frå Finnøy kommunedelsutval – og desse får ikkje
Til saman 63.000 kroner blir i haust delt ut til 13 frivillige lag i Finnøy kommunedel.
Tysdag 19. september hadde Finnøy kommunedelsutval sitt siste møte i denne perioden. Då delte dei ut pengar til aktivitetar i regi av frivillige lag og organisasjonar.
Utvalet gjorde nokre justeringar i saksframlegget for å finne 6000 kroner til Finnøy musikkorps. Korpset søkte blant anna om pengar til dirigent, men det ligg utanfor tildelingskriteria, opplyste kommunedirektøren og føreslo å gje blankt avslag. Etter forslag frå utvalsleiar Birger Hetland fann kommunedelsutvalet 6000 kroner og dette vilkåret: «Denne støtten kan kun brukes til reparasjon av instrumenter som er i tråd med retningslinjene vi forholder oss til.»
Potten som var oppe til handsaming skal gå til aktivitetar for innbyggarane, men med særleg søkjelys på aktivitetar for born og unge, heiter det. Finnøy kommunedelsutval fekk i år 150.000 kroner å dele ut, som blei fordelt på ei søknadsrunde i vår og ei nå i haust.
Her er alle som søkte i haust og både dei som får og dei som ikkje får pengar etter møtet i kommunedelsutvalet:
Søkjar | Tiltak | Søkt beløp | Innstilt beløp |
---|---|---|---|
Hesby Sokn | Open hall | 15 000 kr | 9 000 kr |
Finnøy Idrettslag | Grunnutstyr Friidrett | 20 000 kr | 9 000 kr |
Finnøy Skyttarlag | Treningssamling | 13 800 kr | 7 000 kr |
Finnøy Musikkorps | Dirigentløn | 20 000 kr | 6 000 kr |
Sjernarøy Barnelag/Ragnhild Frøyland | Reise til juleforestilling, teater eller konserthus | 9 000 kr | 5 000 kr |
Stavanger Turistforening - Turboklubben Ombo | Lågterskel friluftstilbod på Ombo | 10 000 kr | 4 000 kr |
Finnøy Og Talgje KFUK-KFUM Speidarar | Open friluftsdag | 15 000 kr | 4 000 kr |
Finnøy Pensjonistlag | Trim ein gong i veka for eldre | 8 000 kr | 4 000 kr |
Ka Skjer På Finnøy | Julegrantenning | 20 000 kr | 4 000 kr |
Finnøy Bygdeungdomslag | Tevlingsdag | 5 000 kr | 4 000 kr |
Finnøy Sau Og Geit | Opne samlingar for landbruket | 10 000 kr | 3 000 kr |
Finnøy Husflidslag | Vidareføra tradisjonar innan veving, snekring og dreiing | 15 000 kr | 2 500 kr |
Sjernarøy Sanitetsforening | Matlaging 5-7 klasse | 1 500 kr | 1 500 kr |
Halsnøy Grendelag | Vedlikehald av tursti, merking og skilt | 8 000 kr | 0 kr |
Nesagjerdet Velforening | Oppgradering leikeplass | 20 000 kr | 0 kr |
Sjernarøy Grendahus | Kommunale avgifter | 10 700 kr | 0 kr |
Alx Productions Alexander Montgomery-Andersen | Viking-foredrag | 20 000 kr | 0 kr |
Fogn Eldresenter | Eltavle, oppvaskmaskin og frysar | 20 000 kr | 0 kr |