Statens vegvesen hadde onsdag ein kontroll på Sokn med fokus på tunge køyretøy, vinterutrustning og varebilar.

Hos eit utanlandsk vogntog fann vegvesenet følgjande manglar:

  • Stoppa for tredje gong utan gyldig bombrikkeavtale: 16.000 kroner i gebyr

  • Ei rad med brot på køyre- og kviletidene: 10.000 kroner i gebyr

  • Manglande kjettingar: 3000 kroner i gebyr

Samla blei det då 29.000 kroner i gebyr på denne transporten.

I tillegg måtte ein varebil med hengar og to lastebilar sikre lasta si betre før dei fekk køyre vidare.

Vegvesenet kontrollerte 57 tunge og 3 lette køyretøy på Sokn kontrollstasjon i dag, går det fram.