Vil bevara dei gode sommarminnene frå Helgøysund
Gode minne frå somrar med leik og bading med søskenbarn på Helgøysund er framleis levande for Mariann Myklebust Torsteinbø. Dei vil ho ta vare på, og gi vidare til dei rundt seg.
SJERNARØY: Kjem du iland på ferja på Helgøy og køyrer over Nord-Talgje, kan du ikkje unngå å leggja merke til ein idyll på ei lita flate under ein bratt bergvegg: Naust, brygge og eit koseleg hus med steintrapp, nostalgisk rekkverk og sandnespanner på taket.
Besteforeldra til Mariann, Mallin og Søren Skår flytta til husmansplassen Holmen rundt 1921. Mor til Mariann, Målfrid, var yngst i ein søskenflokk på sju.
-Minnene frå somrane er fortsatt levande. Me var ein heil gjeng med søskenbarn som leika, bada og hadde det kjempekjekt, seier ho. Tantene sov i det vesle huset, mens familiane overnatta i feriebåtar.
-Me kom aldri på at bestemor og bestefar hadde det trongt, seier Mariann.
Klarte seg med lite
Men familien klarte seg med lite. Søren var fiskar, mens Mallin stelte heime for barneflokken, slik skikken var då. I kjellaren hadde dei ein flokk med høns.
– For meg var det eit glansbilete, seier ho.
I 2013 overtok Mariann og mannen John Magne Torsteinbø eigedommen. Det første som måtte gjerast var å berga sjøhuset. Men deretter melde spørsmålet seg: kva gjer me med huset som var verna.
-Me tok kontakt med byggmeister Geir Landsnes, som me visste hadde erfaring med gamle hus. Det er han kommunen brukar når noko for eksempel skal fiksast på kyrkja, seier Mariann.
Samarbeidde godt
Dei fekk beskjed frå byantikvaren om at det burde koplast inn ekspertise som hadde erfaring med gamle hus.
Det blei etter nøye vurdering beslutta at det gamle bustadhuset var i så dårleg stand at det burde rivast. Nye teikningar blei teikna og etter kvart godkjend. Byantikvar og byggmeister samarbeida godt. Gamle byggeskikkar blei følgd og tatt omsyn til.
-Eg foreslo også ark på huset, som ville rigga det betre, pluss ei brei dør på langsida. Det var byantikvaren heilt med på, seier Landsnes.
I juni 2021 kunne Mariann og Jon Magne ta i bruk eit nytt og funksjonelt hus, men som var i same stil og atmosfære som då bestemor Mallin budde der på 60- og 70-talet.
Det var Olav Halsne frå Halsnøy som teikna huset, og den opphavelege skuten i den sør-austlege enden var også med. Der blei det montert vinduer frå golv til tak, som slepper mykje lys inn i stova og gjer det vakre øylandskapet blir eit stort tablå som ekteparet kan skoda ut over.
Mariann og John Magne Thorsteinbø har tre barn og ni barnebarn, og om sommaren yrer det av liv både ute og inne.
Mariann og Jon Magne roser Landsnes bygg med deira dyktige fagfolk som gjorde jobben på ypparleg vis.