Lag og organisasjonar i Finnøy får pengar frå kommunen

Kommunedelsutvalet i Finnøy gjekk for kommunedirektøren si fordeling av pengar til lag og organisasjonar i kommunedelen.

Måkespeidarar i Sjernarøy får 8000 kroner frå kommunen. Her frå ei tidlegare samling rundt leirbålet. Frå venstre Torleif Hetland, Nicolai Tysdal, Christer Tysdal og Jenny Aartun.
Publisert: Publisert:

FINNØY: Høyre hadde forslag til ei rekke endringar i prioriteringslista, men fekk ikkje fleirtal for forslaga. Mellom anna ville Høyre gi meir pengar til Finnøy Musikkorps, mens partiet ville kutta i løyvinga til Finnøy og Talgje
KFUM-KFUK Speidarar.

Etter Høyres Berit Hopland si meining hadde dei fått løyvingar i to omgangar før, og pengane kunne nå fordelast til andre. Men fleirtalet ville fylgja kommunedirektøren sitt forslag.

Totalt blei det søkt om 441.500, mens kommundelsutvalet bare hadde 95.000 kroner til utdeling.

Vedtaket blei slik:

Publisert: