Vil ha gratis ferje mellom øyane seinast frå 28. september
Fylkesutvalet vil ha gratis ferje i Finnøysambandet og på Ryfylkeferja seinast frå 28. september, dagen etter at fylkestinget har behandla saka.
STAVANGER: Forslaget blei fremma av Ap, Høyre, Krf, Sp og Venstre, og blei vedtatt samrøystes. Forslaget legg også til grunn at regjeringa legg til grunn oppdaterte tal, slik at dei to ferjesambanda blir fullfinansiert i neste års statsbudsjett.
Aps gruppeleiar Tom Kalsås understreka at gratis ferjer er ei viktig satsing for regjeringa, og at det er rett å innføra dette nå i dei to sambanda.
Vedtaket betyr at det blir gratis både for passasjerar og bilar. Vedtaket skal opp i både fylkesutval og i fylkestinget, men ifølge Tom Kalsås ligg «alt til rette» for at dette blir resultatet.
Ville ikkje ha gratis ferje
Leiaren av samferdselsutvalet, Ole Ueland, var ikkje tilhengar av gratis ferje. Han meinte det var andre måtar å bruka desse pengane på som ville vore betre.
-Eg har aldri vore for gratis ferjer, det viktigaste er at det eit godt ferjetilbud og godt ferjematriell til overkommelige prisar. Eg er tilhengar av at me kan redusera prisane noko, men det viktigaste er at det er gode tilbud, sa Ueland, som la til at når fylket har mottatt pengar for gratis ferjer, og også har fått signaler om at det kjem meir, så er det rett å vera lojale mot regjeringa sitt vedtak.
-Så får me sjå korleis dette utviklar seg, sa Ueland, og peikar på at det også er andre samband kor det er ynskje om gratis ferje.
-Ferja til Vassøy er nemnt, og det same gjeld ferja til Kvitsøy, påpeika Ueland.
Krfs Reid Ivar B. Dahl påpeika at det mangla 7–10 millionar kroner på å finansiera gratis ferjer i dei to sambanda.
-Viss du blir bedt på date, og får ei rekning etterpå på 10 millionar kroner, så er det ein ganske dårleg date, sa Dahl, som også peika på at fylket hadde gått vanskelege kuttrundar på hurtigbåten på grunn av for lite pengar frå staten.
-Men det er ikkje innbyggjarane sin feil, sa Dahl, som støtta forslaget om gratis ferjer, og var glad for at fylket har «direkte talerøyr» inn i til regjering og storting.
Mdg uroa for hurtigbåten
Frode Myrhol (fnb) tok utgangspunkt i korleis svenskane ordnar ferjetrafikken, og fremja forslag om at alle fylkeskommunale ferjesamband i Rogaland skulle bli gratis.
-Sverige ser ferjer som ein del av vegen, sa Myrhol, men forslaget fekk bare Myrhols stemme.
Den einaste som var uroleg for trafikkgrunnlaget på hurtigbåten var Alexander Rügert Raustein, som frykta at gratis ferje ville undergrava trafikkgrunnlaget på hurtigbåten.
-Det er fare for at hurtigbåten mister inntekter, og at dei økonomiske konsekvensane for fylket kan bli større i Ryfylke enn andre stader. Det burde regjeringa blitt utfordra på, sa Rügert Raustein (mdg), som prøvde å få situasjonen for hurtigbåten omtalt i vedtaket, men utan å få støtte for det.
-Det respekterer eg, men nå har eg i alle fall sagt det, sa han.
Samferdselspolitikarane vedtok også å be om ei ny sak når det gjeld muligheten og kostnadane for å innføra gratis ferje for fastbuande i Lysefjorden.