Klappa og klart for Tomatfestivalen neste veke

Det aller meste er klart for Tomatfestivalen som begynner neste torsdag. Festivalgeneral Silje Vignes Flesjå og resten av festivalkomiteen gledar seg til fire travle dagar med tettpakka program.

Tomatfestival-komiteen er klar for Finnøys største happening, Tomatfestivalen neste veke.
Publisert: Publisert:

FINNØY: -Eg trur det blir utruleg kjekt, me har eit solid program som byd på noko for einkvar smak, reklamerer Silje Flesjå overfor Øyposten.

-Er alt nå klart for avspark?

-Ja, det aller meste er klart, det er bare nokre små detaljar som gjenstår, seier ho.

Silje Vignes Flesjå er leiar i festivalkomiteen, som tysdag kveld møttes for å få dei siste brikkene på plass.

Høgdepunkt

Høgdepunkta under årets festival er mange, meiner ho.

-Leo Ajkic kjem til åpningsshowet torsdag kveld for å snakka om «krafta av mangfald». Han er ein sterk og tydeleg stemme, som me gledar oss til å høyra. Finnøypodden blir også med og skal ha liveshow om same temaet, og heile ballet blir åpna av fungerande ordførar i Stavanger, Dagny Sunnanå Hausken, opplyser Vignes Flesjå stolt.

Ho framhevar også duoen Gisle Børge Styve og Heine Totland som skal ha musikalske innslag under Copp-quizen fredag kveld.

-Pågangen etter billettar er alt stor, og dei som vil kan gå direkte frå sidersmaking-cruiset til Rødne på quizen. Det passar godt med tida. Det cruiset er vel verd å få med seg, for her stiller den framste ekspertisen frå Hjelmeland på sider, opplyser Silje Vignes Flesjå.

Gisle Børge Styve med band skal også ha konsert ute ved Ottohuset laurdag.

Mange, fine premiar

Elles er programmet så proppa fullt at Vignes Flesjå bare trekkjer fram nokre smakebitar.

-Det blir Tomatbonaza, kor publikum kan kjøpa ballar som skal trillast i bakken ved Innbyggartoget. Her er det mange flotte premiar, alt frå oppstykka lam, til hengekøye, tur på Lysefjorden og julekonsert. Hovudpremien er eit opphald for to i Sunnhordland sponsa av Bremnes Seashore, opplyser festivalsjefen.

Kvar ball kostar hundre kroner, og totalt er det 1500 ballar som kan seljast. 20 prosent av inntektene går til det nye uteområdet på Leikvoll fotballstadion på Finnøy.

-Me må heller ikkje gløyma arrangementet «Ta sjansen» laurdag, kor snekringa av båtar er i full gang. Laurdag blir det også energiløype kor Vitenfabrikken i Sandnes blir med. Søndag blir det Finnøymarsj og Griegløp før det blir sett punktum med konserten med Gilberdal i Hesby-kyrkja søndag kveld, seier Silje Vignes Flesjå.