Plalegg stor feiring av at idrettslaget på Fogn er 50 år

Det skal markerast i fleire etappar, og startar blant mykje anna, med fire forskjellige aktivitetsdagar i sommar. Fyrste helga i september er det duka for jubileumshelg.

50 års-markeringa skal markerast med akitvitetar for store og små. Kanskje blir fognareven og med? Foto: Arkiv.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FOGN:

Tanken er å ha aktivitetar som omfattar alle, hyttefolk, turistar, unge og eldre. Alle skal ha moglegheit til å vera med å feira idrettslaget.,

- Me satsar sjølvsagt på ei sportsleg jubileumsmarkering, og har planlagt at aktivitetane i sommar skal vera èin dag med frisbeegolfe, ein dagsturhytte-dag, vannsport-dag og ein dag med Mesternes mester. Idrettslaget er mest fotball, difor er det veldig kjekt at me gjer andre ting desse dagane,. Planlegginga er berre så vidt i gang, så detaljane er ikkje på plass ennå, berre dei store linjene, fortel leiar i idrettslaget Jakob Bø.

Vil ha innspel

Sist veke var festkomiteen samla for fyrste gong, og ei gruppe på seks – sju personar skal ha ansvar for å fylla arrangementet med innhald.

- Sjølv om komitéen er på plass, vil me gjerne ha innspel. Ingenting er fastspikra ennå, me står heilt i startgropa. Eg har lyst å oppmoda folk som har gamle filmar eller bilete frå ulike arrangement knyta til idrettslaget om å ta kontakt. Eg tenker at desse kan vera kjekke å bruka til mimring og tilbakeblikk på jubileumshelga i september.

Publisert: