Finnøy og Fogn kan få 18-28 meter høge kraftmaster

Lyse har fått farten opp når det gjeld straumforsyninga til øyane. Alt i 2026 skal nye kraftlinjer vera på plass. Det kan bety bygging av kraftmaster på opptil 28 meter på øyane, tre ganger høgare enn dagens høgspentmaster.

Publisert: Publisert:

FINNØY:

Det er Lyse-selskapet Lnett som står bak prosjektet, som er heilt i startfasen.  Forslaget går ut på å leggja sjøkabel frå Veland i Strand til Fogn, og vidare til Finnøy og Rennesøy, og etter planen skal arbeidet vera ferdi i 2026.,

Det er teikna inn tre alternative trasear over Finnøy, ein på vestsida av øya og to på austsida. 9. februar arrangerer Lnett digitalt informasjonsmøte for naboar og grunneigarar. Hensikten er å få innspel på forslaga om plasseringa av kraftlinjene, og om det er andre plasseringar som bør vurderast. Det vil også bli arrangert åpne kontordagar kor det vil bli mulig å møta både prosjektleiar og grunneigarkontakt.

Fristen til å koma med innspel går ut alt 28. februar.

Luftlinje hovedregelen

Planane går ut på å byggja ei 132 kilovolt kraftlinje som skal enda på Nordbø på Rennesøy. Her skal ho koplast saman med ei ny kraftlinje av same dimmensjon som kjem frå Harestad i Randaberg.

Trafostasjonen som er tenkt bygd på Nordbø på Rennesøy. Dette er eit av to alternativ.

Den nye kraftlinja vil bli godt synleg i øylandskapet, viss ho blir bygd som luftlinje. Øyposten har vore i kontakt med Lnett om det er luftlinjer som er akutelt, og kommunkasjonsrådgjevar Margrethe Vika i Lnett skriv i ein eposts at selskapet er pålagt å vurdera luftledningar.

"I Stortingsmelding 14 (2011-2012) står det at «For nett over 22kV og til og med 132 kV skal luftledning velges som hovedregel», opplyser Vika.

-Kor høge kraftmaster kan det bli snakk om?

"Det er for tidlig i prosessen til å være konkret på mastehøyder og plasseringer av kraftledninger og transformatorstasjoner. Det er først etter at utredningsprogrammet er bestemt og de ulike fagrapportene og konsekvensutredningene er utarbeidet at en kan vurdere ulike alternativ opp mot hverandre. Dette skjer i arbeidet med konsesjonssøknaden", skriv Vika vidare.

18-28 meter høge

Mastehøgda for 132 kilovolt kraftlinjer varier frå 18-28 meter, alt etter kva type master og kor tett dei blir bygde. Til samanlikning er dagens høgspentmaster vel 10 meter høge.

Eit av alternativa på Finnøy går ut på å ilandføra straumkabelen nord for Judaberg, og bygging av ny trasformatorstasjon på Nedre Hauskje. Men det er også forslag om å ilandføra straumkabelen ved Fåholmen med ulike alternativ til plassering av trafostasjon der.

Det kjem nye kraftlinjer over øyane. (Illustrasjonsbilete)

Dette er mastene som er foreslått på i Rennesøy. (Illustrasjon: Lnett)

,Det er mangelen på straum i området som har framskunda planane til Lyse. Per i dag er det ikkje ledig kapasitet i straumnettet for større kunder. Den nye kraftlinja vil

gi omtrent tre ganger høgare kapasitet samanlikna med den eksisterande 50 kilovolt kraftlinja.

Lyse reknar med ein  sterk vekst i straumforbruket framover, mellom anna til ferjer og hurtigbåtar. Også veksthusnæringa og vanlege hushaldningar kjem til å bruka vesentleg meir straum i framtida, meiner selskapet, som legg til at eit sterkt straumnett er "grunnmuren for vekst og nye arbeidsplasser".,

Luftlinjer i Rennesøy

Den nye kraftlinja skal også gi sikrare straumforsyning, ved at det blir etablert ei rundløype frå Randaberg og Strand.

Planane for kraftlinja frå Randaberg til Rennesøy, er kome hakket lenger. Her skulle arbeidet vore påbegynt i år, men NVE har foreløpig ikkje behandla konsesjonssøknaden. Ifølge søknaden skal det leggjast sjøkabel til Sokn, luftlinje over Sokn og sjøkabel vidare til Mosterøy. Her er det foreslått to alternative plasseringar av luftlinje. Deretter blir det sjøkabel i Mastrafjorden, og luftlinje over Rennesøy til Nordbø. Også dette prosjektet skal vera ferdig i 2026.