Harestad om bossplassen på Rennesøy: Eg ber på mine kner

«Eg ber på mine kner» sa Tor Bernhard Harestad på talarstolen i kommunestyret, og siterte Bjørn Eidsvåg i debatten om bossplassen på Rennesøy. Og kanskje hjelpte det, for vedtaket om nedlegging skal i alle fall utgreiast nærare.

Tor Bernhard Harestad (FrP) argumenterte sterkt for bossplassen på Rennesøy i kommunestyret.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

STAVANGER: Stavanger-politikarane har tidlegare vedteke å leggja ned bossplassen, men sterke protestar frå Rennesøy gjer at siste ord ennå ikkje er sagt.,

Tor Bernhard Harestad og partifelle Leif Arne Moi Nilsen tok vedtaket opp som spørsmål til ordføraren i kommunestyret mandag.

Tor Bernhard Harestad tok seg friheten til å sitera ei strofe frå Bjørn Eidsvåg "eg ber på mine kner" frå songen "Alt du vil ha". Så sterkt oppfordra han om at bossplassen ikkje blir avvikla.

Harestad lova ikkje "solskinn og strålande vêr" som i songen, men viste i staden til intensjonsavtalen, om at Rennesøy ikkje skal koma dårlegare ut enn før av å gå saman med Finnøy og Rennesøy.

-Viss nokon frå Sørbø må levera avfallet sitt på Forus, er det fire mil dit. Kor grønt og vennleg overfor naturen er det, undra Harestad.

Ordførar Kari Nessa Nordtun kvitterte med å støtta at saka blir grundig utgreia og at ho kjem opp igjen som sak i formannskapet, sjølv om ho meinte at Stavanger, inklusiv Rennesøy, har kanskje landets beste renovasjon med mellom anna "hent meg-ordninga".

Det fekk Harestad til å avslutta med eit "tusen takk" og at dette var "kjekkare enn då eg fyllte 60".

Varaorførar Dagny Sunnanå Hausken (sp) kunne i likhet med Harestad fortelja kommunestyret at reaksjonane har vore sterke i Rennesøy etter vedtaket om å leggja ned avfallsmottaket.

-Det er langt til Forus, og mottaket på Judaberg ligg i feil retning. "Hent meg-ordninga" er god, men det kan ta opptil seks veker før avfallet blir henta. Ikkje alle kan oppbevara avfallet så lenge, sa Sunnanå Hausken, som også hevda vedtaket om nedlegging var i strid med budsjettavtalen.

Ho viste også til at nylege oppteljingar viser at i gjennomsnitt 21 har brukt mottaket den dagen i veka det er åpent.

-Det er ikkje så verst, sa Sunnanå Hausken, som frykta at rennesøybuen kom til å hiva hageavfallet sitt i den brune dunken viss mottaket blir nedlagt, og dermed skapa problemer for IVAR sitt biogassanlegg.

Publisert: