Det er nytt håp om fortgang i å sikra dei mjuke trafikkantane langs den livsfarlege strekninga frå Fåfeltet til Nådå.|||||Ole Ueland|Det var godt frammøte på Innbyggartorget under møtet med Oløe Ueland (h) om trafikksikkerhet og samferdsel i kommunedelen.

FINNØY: Ole Ueland (h), leiar i samferdselsutvalet i fylket, seier han vil ta kontakt med Stavanger kommune for å diskutera korleis arbeidet med gang- og sykkelvegen kan koma vidare.,

Strekninga frå Fåfeltet til Nådå blei kostnadsrekna til 30 millionar kroner i november 2019. I forhold til den summen er dermed ikkje finanseringa så langt unna, men det spørs om dette reknestykket held nå. Opplegget var at bompengar frå Finnfast skulle dekka 25 millionar kroner av kostnadane, mens fylket skulle bidra med fem millionar.

God nyhet

Ole Ueland opplyser at overskotet i Finnfast skal overførast til fylket og brukast til veiformål i området kor bompengane blei innkrevd. Ueland reknar difor ikkje med at det blir problem å bruka pengane på gang- og sykkelveg på Finnøy.

Det var godt frammøte på Innbyggartorget under møtet med Oløe Ueland (h) om trafikksikkerhet og samferdsel i kommunedelen. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

-Dette er veldig gode nyheter for gang- og sykkelvegen. Me kan koma ganske godt i veg med prosjektet gjennom eit spleiselag, dette er ein mulighet Stavanger bør gripa med begge hender, sa Ueland på møtet på Innbyggartorget torsdag kveld.

Han var der saman med Rune Askeland og Birger W. Hetland for å snakka om trafikksikkerhet og samferdsel i  kommunedelen.

Kraftkabel og vannledning

Ueland fekk klare innspel, mellom anna frå Olav Reilstad, om å ta kontakt både med Lyse og Stavanger kommune, for å samkjøra gang- og sykkelvegen med planane om ny kraftforbindelse over øya pluss ny vannledning frå Talgje.

Ueland var enig i at det er ein god ide, og viste til eit prosjekt med gang- og sykkelveg i Sola kor fleire fluer blei slått i same smekk, og kostnadane dermed fordelte.

-Fylket er på utkikk etter spleiselag kor også andre kan leggja i pengar, sa Ueland, og viste til at det var knallhard kamp om samferdselskronene i fylkeskommunen.

I utgangspunktet ser han i første omgang for seg bygging av strekninga Fåfeltet til rundkøyringa på Nådå, og ikkje heilt til Ladstein.

Heiste ikkje flagget for gratis tunnel

Ueland understreka også at det er ein stor fordel med tydelege signal frå kommunen om at prosjektet er prioritert.

Formalitetane rundt bruken av dei 20 millionane kjem opp i fylket sitt samferdselsstyre i juni.

Ole Ueland, leiar i samferdelsutvalet i fylkeskommunen kjem til Finnøy og vil svara innbyggarane på spørsmål om trafikktryggleik i Finnøy. Foto: Privat

Ueland sa også at han  ikkje var blant dei som heiste flagget då nyheten kom om at Finnfast blei gratis.

-Eg veit kva eg i staden ville prioritert, sa han, og viste til gang- og sykkelvegen.

Viss det ikkje blir mulkiug å få til eit spleiselag nå om prosjektet,  meinte Ole Ueland at ein då i staden burde vurdera ei enklare og rimelegare løysing.