Aanna Lauvsnes pensjonerte seg i sommar og har seld garden til Jarle Trahaug.

FINNØY:

Svaret frå Statsforvalteren konkluderer med at vilkåra for frådeling ikkje er til stades. Mellom anna blir det vist til at ei frådeling vil vera uheldig ut frå omsynet til landbruksdrifta og omsynet til jordvernet.,

Det blir også vist til at garden ligg innanfor kjerneområde landbruk, og at omsynet til landbruket difor må tilleggjast stor vekt.

"Vi har kommet til at en slik oppdeling av areal er uheldig av hensyn til å ta vare på landbruksarealet og for en effektiv drift av gården, og at landbrukshensynet som ligger til grunn for LNF-formålet etter dette blir vesentlig satt til side.

Vi har forståelse for søkers ønske om å fradele tomten for å redusere kostnadene for kjøper av

landbrukseiendommen, samtidig som selger sikres et sted å bo. En dispensasjon i dette tilfellet vil,imidlertid sette hensynet til landbruksdriften vesentlig til side. Vi viser her særlig til at en,dispensasjon vil føre til fragmentering av dyrkbar jord", heiter det i vedtaket.

Saka kjem opp som orientering i utvalet for by- og samfunnsutvikling neste veke, og kommunedirektøren rår til at politikarane tek avgjerda til orientering.

I vedtaket blir det også vist til at garden er av ein slik storleik, at det vil vera behov for kårbolig på bruket. Det vil difor vera uheldig å skilja huset frå, er konklusjonen.

Anna Lauvsnes seier ho er svært skuffa over avgjera til Statsforvalteren i Vestland.

-Eg kan heller ikkje akseptera eit svar fatta på feil grunnlag, basert på bruk av feil gardskart, seier Lauvsnes til Øyposten.