265.000 kroner for fellesfyrverkeri i øyane nyttår

Det kan bli fellesfyrverkeri på Judaberg og i Vikevåg nyttårsaftan, viss politikarane vil. Prislappen er 265.000 kroner pluss moms.

Judaberg midnatt, nyttårsafta. 2020. Kanskje blir det like fint komande nyttår.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

FINNØY-RENNESØY:

Saka kjem på politikarane sitt bord etter påske. Kommunedirektøren bed om at viss dei seier ja til at også Judaberg og Vikevåg skal få del i fellesfyrverkeriet nyttår, så må beløpet det kostar innarbeidast i budsjettet.,

Prislappen er for dei sju stadene kor det foregår oppskyting i byen er nesten 700.000 kroner. Viss Vikevåg og Judaberg skal inkluderast i festlighetene, vil beløpet nærma seg ein million.

Reknestykket viser at det må leigast inn to pyroteknikarar pluss fyrverkeri, til ein pris av 173.000 kroner. Dessutan må det skaffast to lektarar som fyreverkeriet kan skytast opp frå. Prisen for det blir anslått til 90.000 kroner.

Publisert: