Tala for Øyfast på bordet i haust

Reknestykket for Øyfast kjem på bordet i fylket i haust, er det nå klart.

Leiaren i samferdselsutvalet i fylket, Ole Ueland (h), slår av ein prat med ivrige Øyfast-folk. Til høyre for Ueland; Kjell Nes, Olav Halsne og Daniel Nedrebø.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY:

Nesten to år etter at fylkestinget vedtok å få tala på bordet for Øyfast, er fylket nå i gang med jobben.,

Ifølge leiaren i samferdselsutvalet i fylket, Ole Ueland (h), kjem mellom anna tala for kor mykje ferjeavløysingsmidlar det er snakk om. nå i haust. Dermed er det grunnlag for eit betre bilete av den økonmiske realismen i prosjektet.

På møtet i Innbyggartorget sist veke understreka Ueland at det vil vera ein stor fordel for Øyfast om det kjem klare signal frå Stavanger kommune si side om at dette er eit prioritert prosjekt.

 

Må dyttast fram

- Store prosjekt som dette må nokon dytta fram. Det er veldig vanskeleg å driva prosjektet fram viss det er usikkert om kommunen ynskjer det, sa Ueland.

Viss det viser seg at reknestykket for Øyfast er postivt, kan prosjektet koma vidare, la han til. Ueland understreka også at Øyfast må byggjast utan fylkeskommunale pengar, men lova samtidig at fylket kan bidra med grunnlaget for beslutninga slik det har gjort for faslandsforbindelsen til Vassøy, Vassfast.

Samtidig med at fylket skal i gang med å sjå på tala, jobbar også den pensjonerte vegmannen Bjørn Alskaer med prosjektet. Han deltok også på møtet, og kunne opplysa at det mellom anna var tett kontakt med Nordøyvegen på Møre som nå er under bygging. Det skal gi fastlandsforbindelse mellom fleire øyar og Ålesund for 2700 innbyggjarar.

God mann

-Ole er ein god mann, slo Jon Olav Runestad fast etter møtet med Ueland.

-Han har brei erfaring og er rette mann til å leia samferdselen i fylket. Eg oppfattar at han er postiv til Øyfast, men me kan bare gløyma dette prosjektet viss ikkje Stavanger kommune står bak, seier Runestad.

Ein annan ivrig forkjempar for Øyfast, Daniel Nedrebø, er grundig skuffa over støtta for Øyfast hos dei som sit med makta i Stavanger for tida.

- Eg er veldig skuffa, det er bare Henrik (Halleland red. anm.) som jobbar for oss. Elles er det ingen, det er heilt lamt.  I slike saker er det viktig atr det er nokon som brenn for dei, for pengane er der, bare nokon løftar prosjektet fram, meiner Nedrebø.

Publisert: