1,8 millionar til kyrkja på Sørbø og til Utstein Kloster
Riksantikvaren har løyvd 820.000 kroner til rehabiltereing av vinduer på Utstein Kloster, og ein million til reparasjon av murar på Sørbø kyrkje.
Denne artikkelen er over ett år gammel
RENNESØY:
Løyvinga kjem etter at barne- og familieminster Kjersti Toppe besøkte Stavanger i mars.,
I Rennesøy er arbeidet med å reinska murane på middelalderkyrkja på Sørbø for gammal sement og maling omtrent ferdig. Då Øyposten var innom heldt murar Oddvar Fossmark frå murarfirmaet Garpestad og Gausland på med å avslutta arbeidet. Den gamle malinga og sementen gjer at murane er nærast hermetisk lukka, og ikkje får sleppa ut skadeleg fukt. Nå skal den bort, og erstattast med kalkmørtel etter gammal oppskrift.
-Måndag skal arbeidet med å kalka murane på ny begynna, opplyser Fossmark.