Hoppefølet Adora er eit av tre føl som har kome til verda på Landa i løpet av dei tre siste vekene. |Det som eingong var eit sauhus er gjort om til stall.|Emma saman med Holsteiner-hingsten Cochabamba (til venstre) og Zangerheide-hoppa Kelly.

FINNØY: -Så, så, roleg, Cochabamba, seier Emma og stryk det majestetiske Holsteiner-hingsten over mulen. Ho tek av grima og slepp han inn bak inngjerdinga til dei andre.,

Den staselege hesten er følet til Collien, Emmas tidligere konkurransehest. No nyt den 17 år gamle hoppa pensjonisttilværet på Landa saman med 10 andre hestar.

-Foreldra mine har fortalt at eg som lita ofte sa at «når eg blir stor skal eg bli bondegard».

Emma ler av minnet.

-Det blei eg og – på ein måte.

Erfaren sprangryttar

Emma er fødd og oppvaksen på Hundvåg,  har drive med hest sidan tidleg i tenåra og er ein erfaren sprangryttar. Saman med Hoslteiner-hoppa Collien har ho henta med seg mange premiar frå både nasjonale og internasjonale konkurransar.

-For meg er det å driva med hest meir ein livsstil enn ein hobby.  Eg kan ikkje tenkja meg eit liv utan hestane mine, seier ho og visser veg inn til det som ein gong var eit sauehus, men som no er gjort om til stall.

Det som eingong var eit sauhus er gjort om til stall. Foto: FOTO: Hjørdis Halleland Mikalsen

-De må helsa på det siste tilskotet til familien. Ho er berre to dagar gammal og ein skikkeleg sjarmør, seier ho og opnar ein smijernsport inn til ein stor bås dekka med halm. Der inne, tett inntil mora si, står ein liten hjarteknusar av rasen amerikansk miniatyrhest.

-Ho er frisk og rask, og har fått namnet Adora, seier Emma.

Tre nye føl

Men hoppa Leonara er ikkje den einaste som har fått føl på garden. Om sauebøndene på nabogardane har hatt travle dagar med lemminga den siste tida, har det også vore hektiske for Emma og sambuaren Einar Eikje Nordbø. Dei siste vekene har tre nye føl kome til verda på garden.

-Det har vore både nervepirrande og lærerik, men har aldri teke imot føl før. Heldigvis har det godt bra kvar gong.

11 hestar

Det er til saman 11 hestar på garden på Landa. Forutan Collien og Cochabamba har ho Qyo Van Heiste, ein seks år gammal Belgisk varmblods som tilhøyrer Emmas syster. Så er det Einars fjordhest Misty og hennar føl Nidar, den amerikanske miniatyrhesten Leonora og nyfødde Adora. Også den amerikanske miniatyrhesten Stormi fekk nyleg føl. Det har ikkje fått namn enda. I tillegg har dei Zangerheide-hoppa Kelly med eigar på Mosterøy  og den 15 år gamle ridehesten Stella med eigar frå Stavanger, på «fullpensjon».

-Det er travelt, men veldig kjekt, seier Emma som i tillegg til stell av hestane skriv på mastergrad i økonomi.

Emma saman med Holsteiner-hingsten Cochabamba (til venstre) og Zangerheide-hoppa Kelly. Foto: FOTO: Hjørdis Halleland Mikalsen

Ville til Finnøy

Sambuar Einar kjem frå Finnøy.

-Mange trur at det var Einar som måtte overtala meg til å flytta til Finnøy, men sanninga er at det var omvendt. Eg ville veldig gjerne flytta til Finnøy, Einar var skeptisk i starten, men no stortrivest me her begge to.