Jon Nesheim er travelt opptatt med å sprøyta mot ugras, men har fått med seg nyheten om at det er enighet i årets jordbruksoppgjer.

SJERNARØY: -Det ser bra ut, er den unge bonden sin kommentar til resultatet av årets jordbruksoppgjer.,

-Det skal gi oss eit visst inntektsløft, noko som er på sin plass, seier Nesheim til Øypostren.

Han har planar om å byggje nytt mjølkefjøs, og håpar på å koma i gang i haust.

-Oppgjeret gir meg ein betre trygghet for den satsinga. Slik utgiftene har auka, måtte eg nok gått ein ny runde viss det ikkje hadde blitt eit skikkeleg oppgjer. Me kan ikkje driva for knappar og glansbilete, seier Jon Nesheim, som håpar at nyfjøset med ein kvote på 135 tonn er oppe og står til neste år.

Bondeleiarane i både Finnøy og Rennesøy er glade for at det blei enighet i oppgjeret.

-I det store og heile vikar det akseptabelt, det partane har kome fram til, seier Erik H. Bleie i Finnøy Bondelag.

Han understrekar at det gjenstår å sjå korleis oppgjeret slår ut på den enkelte produksjon, men at det uansett er ein lettelse at kostnadane er blitt kompensert.

-Men me må stå på vidare for å tetta inntektsgapet, seier Bleie.

Også Guttorm Gudmestad, leiar i Rennesøy Bondelag, synes at resultatet ser "greit" ut. Men han hadde håpa på litt større inntektsvekst.

-Eg hadde håpa på ein stad mellom 50.000-60.000 kroner i auka inntekter. Men alt i alt er dette oppgjeret likevel ikkje så verst, seier Gudmestad.

Han hadde også håpa på meir målretta kostnadskompensasjon.

-Dei bøndene som hadde mulighet til å kjøpa gjødsel i fjor kjem veldig bra frå dette, påpeikar han.

Dessutan skulle Gudmestad ha ynskt at det blei eit betre oppgjer for ammeku.

-Men i forhandlingar er det å gi og ta, slik er det bare. Summa summarum er oppgjeret heilt greitt, synes han.

Bøndene hadde i utgangspunktet eit krav på 11,5 milliardar kroner, mens staten tilbaud 10, 15 milliardar kroner.