Frå minnehallen i Stavern over sjøfolk som omkom under første og andre verdskrig.

SJERNARØY:

-Det skulle vore gjort for mange år sidan, men betre seint enn aldri, seier Håkon Eide, talsmann for dei som har jobba for å få monumentet på plass.,

Kommunnen fekk søknad om å støtta monumentet med 35.000 kroner, men avslo.

-Me fekk likevel reist beløpet og vel så det gjennom innsamling. På to timar var pengane på plass, så stor var gjevargleda, seier Håkon Eide.

Monumentet er laga av Vaaland Granitt, og er utstyrt med ei bronseplate med navnet på dei fire frå øyane som omkom på sjøen under krigen. I tillegg vil det stå ein tekst som heidrar alle dei som gjorde ein innsats for landet i krigsåra, og som kom heim igjen.

I tillegg til sjøve avduklinga, vil det bli lagt ned ein krans på minnemerket. Dei fire frå øyane som omkom på sjøen under krigen var Eliert Lund, Konrad Aaserød og Sverre Hidle frå Sjernarøy. I tillegg omkom også Lars Jacobsen Kro frå Ombo.

Håkon Eide reknar med at det vil koma ein del slekt av dei omkomne til avdukinga.