Helgevêret - Det blir betre og betre
Men det blir likevel ingen draumehelg.
- Oddbjørg Måland
I følgje vervarslinga på Vestlandet blir helgevêret meir på det jamne. Ikkje stygt og ikkje fint. Trøysta er at det blir finare og finare frå og med torsdag.
På Kristi Himmelfartsdag melder statsmeteorolog Magni Svanevik om ein heller grå dag med typisk vestavêr. Regnbyger, frisk bris frå nord-vest og 10 - 12 grader.
På kysten kjem vinden opp stiv kuling.
Fredag blir meir av det same, frisk bris, regnbyger, men litt lettare utover dagen. Temperatur omtrent som på torsdag.
Laurdag blir det mindre regn, mindre vind og litt varmare.
Sundag er desiderte den finaste dagen med med lite vind, høgare temperaturar, mellom 13 - 15 grader, og berre svak vind frå sørleg retning. Det er også mogleg å få sjå sola, spesielt litt ut på dagen.
Så skal du ut på tur, er det sundagen som gjeld.