I desse årsklassene blir det spela såkalla 5-ar og 7-ar fotball.Og både gutte- og jentelag frå dei tre naboklubbane møttes til dyst.Ettersom det no er tre naboklubbar som ligg i relativt kort reiseavstand frå kvarandre i dei to nye kommunedelane i Nye Stavanger kommune, gjer dette det også langt enklare å arrangere turneringar som dette.,

-Me ser gjerne at dette kan bli ein tradisjon, seier fotballmamma til to ivrige guttar og ei jente på snart 13 år,Grete Elin Håvarstein .

-Me har sjølv vore over på Finnøy på turneringa som dei har på Leikvoll i juni.Det har vore ei veldig flott oppleving,skryt ho.

-Eg synest dette er eit kjempeflott tiltak av den relativt unge fotballklubben på Rennesøy,seier fotballformann i Mastra Eirik Hodnefjell .Sjølv er han trenar og lagleiar for Guttar 8, og med seg på sidelinja har han  den utflytta finnøybuen Anders Sivertsen som sjølv har sonen sin på laget.

Det er veldig bra at naboklubbar kan møtast på denne måten , understrekar Hodnefjeld.- Her kan både me vaksne møtast med jamne mellomrom , og det same kan ungane, for på den måten også å bli betre kjent.Det er også ein bonusverdi som fotballen og slike møteplasser gir, legg han til.