Henrik Halleland (krf)

Målet med fritidskortet er at det skal utjamna skilnadar og opna for at fleire born og unge i målgruppa får moglegheit til å delta på faste fritidsaktivitetar på lik linje med sine jamaldrande, og såleis vera med å hindra utanforskap. Kortet gjeld born og unge mellom 6 og 18 år.,

- Staten har sett av 45 millionar kroner til Fritidskortordninga. Sidan KrF gjekk inn i regjeringa og fekk gjennomslag for denne saka under regjeringserklæringa på Granavolden, har dette vore ein svært viktig kamp for partiet. Difor er eg glad for at posisjonen snudde i går, og at dette no framstår som eit fellesprosjekt, seier gruppeleiar i KrF, Henrik Halleland.

I høve til Granavolden-plattforma ynskjer regjeringa at fritidskortordninga på sikt skal gjelda born i målgruppa over heile landet.

- Er det born og unge i Finnøy som er kandidatar eit fritidskortet?

- Det er forskjeller i alle bydelar i kommunen, også Finnøy.

- Korleis fungerer kortet i praksis?

- Eg veit ikkje alle detaljar, men slik eg har forstått er det eit elektronisk kort som skal lastast ned på telefonen. Pengane som settast inn på kortet, skal øyremerkast visse aktivitetar, seier Halleland

Å vera pilotkommune betyr at kommunen får eit tilskot på mellom 800 – 1000 kroner per barn i målgruppa per halvår. I tillegg kan kvar deltakarkommune søka om inntil 500 000 kroner til utviklingsmidlar/administrasjon av prosjektet i halvåret

Arendal og Vadsø blei med på prosjektet i fjor haust. Dei har fått tildelt 1000 kroner per barn som skal leggast inn i fritidskortordninga for å dekka utgiftene til fritidsaktivitetar.

No utvidar Bufdir forsøket med fritidskort, og har lyst ut nye midlar for hausten 2020 og våren 2021.