Fleire prestisjefulle lokaloppgjer i 5. divisjon neste år

Det nye avdelingsoppsettet for 5. divisjon i fotball til neste år er no klart. Der ligg det an til mange spanande og prestisjefulle lokaloppgjerd når Finnøy og Mastra skal møta både Midtbygdene (MIL) frå Tau og naboane Kvitsøy og Randaberg 2. Og som i inneverande år, ligg det også an til tøffe tak med stort publikumstekke når dei to øyarivalane, Mastra og Finnøy, barkar saman til nye bataljar på fotballbanen både i Vikevåg og på Leikvoll til våren.

  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Som kjent så blei poenga og måla likeleg fordelt i årets to oppgjerd, der begge enda med 4-2 til heimelaget. Men då status vart gjort opp for ein månad sidan, var det Mastra som beheld hegemoniet som det beste laget med ein 7. plass i avdelinga. På dei tre siste plassane kom Finnøy, Randaberg 2 og Kvitsøy. Likevel får både Kvitsøy og Randaberg 2 vera med også i 5. divisjon til neste år. Det i ei avdeling som i tillegg til ovanfornemde lag også inneheld desse:,-Brodd 2,Paradis,Siddis,Tasta,Tjensvoll og Vardeneset 2.,Ei reisemessig kompakt pulje med berre Stavanger-lag i tillegg. Den lengste turen blir til MIL og sentralidrettsanlegget på Tau og til Siddis på den nye Kvalaberg-banen i Hillevåg.,Sett utifrå årets sesong, så er nok Tasta med rutinerte Geir Lunde som trenar, det sterkaste laget på papiret. Men både "showlaget" Siddis og MIL, som begge har spela i 4. divisjon, vil nok på papiret vera sterke utfordrarar.

Publisert: