Ny solid heimesiger til Finnøy

Finnøy tok ein ny solid,og høgst fortent heimesiger i dagens kamp mot Hillevågs-laget, Jarl på Leikvoll.Heile 4-1 stod det til heimelaget ,då dommaren bles i fløyta for full tid.Ved halvtid stod det 2-1 til Finnøy.

  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Etter 16 minuttar settet halsnøybuen ,Jarle Sigbjørn Risanger Eike, den første ballen bak bruntrøyene sin målvakt.Men bortelaget var raskt ute med å kvittere med si utlikning berre tre minuttar etter.Men unggutten frå Reilstad og Kindingstad,hardtskytande Sander Idsøe, viste i det 24.minutt at den tradisjonsrike klubben frå Hillevåg ikkje skulle koma gratis til poenga, og førte Finnøy opp i ei 2-1 leing etter ein snau halvtime.Dette resultatet stod seg fram til pause.,

Solid 2.omgang

I siste heimekamp mot Randaberg 2, leia Finnøy heile 6-0 ved pause,i ein kamp som til slutta enda 7-4.Under ettermiddagens kamp,derimot, stod laget kampen ut og putta like godt to til.Det etter at Halsnøyduoen,Anders Eike (straffe 51.min) og Torjus Halsne 72. min. fastsette resultatet til 4-1.I det 84. min fekk også bortelaget sin kaptein utvist.Dermed står Finnøy med 20 poeng etter 20 kampar , og pustar båe Buøy og naborivalen Mastra i nakken når to kampar gjenstår.Og det kan fort bli full pott når laget skal til Kvitsøy og møte jumbolaget, som alt er klare for nedrykk i den siste kampen neste helg.Deretter avsluttar laget heime mot Madla 2 i den siste seriekampen.Eit Madla-lag som ikkje har noko å spela for.Og med Finnøy si imponerande sigersrekke på dei tre siste heimekampane, og utruleg 18-8 i målskilnad , bør det i alle høve kunne bli eit nytt og underhaldande,målrikt oppgjerd på Leikvoll i den siste seriekampen for i år.

Trenar,Erik Torger Flesjå Johansen,er veldig tilfreds med ein ny solid heimesiger.-Me traff veldig bra med taktikken i ein kamp der me på førehand var klar over at Jarl var dyktig på å slå langt og var flinke til å vende spelet.Dette skulle me hindre med å gå høgt i press og vinne ballen høgt oppe i banen.Me var flinke til p stressa dei på dette, og spelarane la ned ein solid innsats.Så me i trenerteamet er svært tilfreds med måten spelarane utførte kampen på, konstaterer ein tilfreds hovudtrenar.

Publisert: