Men som nummer fem på lista til stortingsvalet i 2017, møter no 24 år gamle Aleksander Stokkebø som fast medlem på Stortinget  for Helse- og omsorgsminister Bent Høie. Då har han valt å ta permisjon frå vervet som fylkestingsrepresentant. Likevel stiller det svært så unge politikartalentet til Høgre seg disponibel for ein ny periode i lokalpolitikken. Då rett nok på ein  ikkje kumulert, alfabetisk 59. plass til kommunevalet i Nye Stavanger.,- Eg har jo ambisjonar om å få ein ny periode i Stavanger-politikken, no også med Finnøy og Rennesøy på laget, smiler Stokkebø, som då fellesferien starta og Stortinget hadde teke sommarferie, like godt tok seg eit par arbeidsdagar på oppdrettsanlegget til Grieg Seafood As ved Norheimsøy i Sjernarøy.  –Det er viktig for meg som både stortingspolitikar og lokalpolitikar å koma seg ut for å besøkja bedrifter og folk. Då primært for å få tilbakemeldingar på og for å  sjå korleis politikken verkar i praksis, understrekar Stokkebø. Han er medlem av finanskomiteen på Stortinget, og berre i løpet av 2018 besøkte han over 200 bedrifter og 50 utdanningsinstitusjonar i landet.,

-Sjømat og havbruk er den nest største næringa i landet etter olje- og gassindustrien. Næringa er også ei viktig distriktsnæring som gir sysselsetting i distrikta. Eg er også veldig tilfreds med at Grieg no har valt å leggja sitt regionskontor til Finnøy og Judaberg. Saman med dei andre aktørane i regionen gir dette sysselsetting for svært mange i Ryfylke, påpeikar Stokkebø, som også etter opphaldet på oppdrettsanlegget blei trygg på at aktørane i næringa  vil få kontroll på den mykje omtala luseproblematikken.

-Under opphaldet var også mattilsynet og veterinærtenesta på inspeksjon. Der fekk eg ei stadfesting på at ein har gode rutinar og kontroll av fiskehelsa på dette anlegget, og  at luseproblematikken blir handtert på ein trygg måte.

-Men næringa har jo eit noko frynsete rykte på seg, særleg hjå miljøorganisasjonar og  interesseorganisasjonar for jakt og fiske, der mange hevdar at fotavtrykket med tanke på miljø, berekraft  og forureining er og blir betydeleg?

- I dag er Ryfylke-regionen definert i såkalla «gul sone» i Rogaland, som betyr at ein foreløpig ikkje får auke produksjonen. Næringa har enno har ein veg å gå for å bli betre og det er i alle sin interesse at den er berekraftig og tek miljøet på alvor. Både regjeringa og utøvarane i næringa har ambisjonar om at denne næringa skal veksa i framtida. Då må me alle også syta for at den er berekraftig.

Stokkebø ser også store utviklingsmoglegheiter i den nye storkommunen og den blågrøne satsinga som  no skal skje der. Særleg i dei to nye kommunedelane av Nye Stavanger.

- Oppdrettsnæringa vil bli ei svært  viktig næring for den nye kommunen i framtida, og me har også dei beste føresetnadane for å lukkast. Då tenkjer eg særleg på dei tette banda som er mellom utdannings- og forskingsmiljøet og utøvaren i næringa, relatert til både forproduksjon, mat og sjømat generelt, og ikkje minst til teknisk utvikling og berekraft.

-Det er her eg ser at by og land i  Nye Stavanger kan gi spanande synergiar ved å kople saman akademi og produksjon, og i praksis visa at ein verkeleg kan gå hand i hand for å spela kvarandre gode, meiner Stokkebø.

Han håpar også at ein kan få til noko av dei same synergiane innan den grøne sektor, relatert til landbruk,  ved å kopla byen Stavanger tettare opp mot dei tunge produksjonsmiljøa i Rennesøy og Finnøy.

-Her står både miljø og berekraft sentralt i dagens klimadebatt, der Stavanger sit på mykje nyttig kompetanse for å nå dei vedtekne klimamåla. Difor har eg trua på at me kan få til noko meir ved å bli sterke saman. Det tankesettet kan me også kopla opp mot reiseliv og turisme, som også er ei næring eg trur har eit betydeleg potensiale i denne delen av den nye kommunen.

Jon Asgaut Flesjå