|

Dette gjeld også sanking av egg og dun for jaktsesongane frå 1.april 2017 til og med 31.mars 2022, går det fram i eit brev frå Fylkesmannen til dei tre kommunane. Finnøy (30.04.2019), Kvitsøy (30.04.2019) og Rennesøy (05.04.2019) har alle levert søknadar om tidleg jaktstart. Bestanden av grågjæs er stor, og det har over fleire år kome rapportar om beiteskadar på avlingar.,

Finnøy kommune søker om tidleg jakt på grågås frå 26.juli og frem til ordinær jaktstart 10.august. Kommunen ønsker at det skal opnast for jakt på desse øyane: Finnøy, Fogn, Talgje, Kyrkjøy, Bjergøy, Aubø, Tjul, Nord-Talgje, Helgøy, Nord-Hidle, Halsnøy og Ombo. All jakt skal skje på eller nærare enn 30 meter frå dyrkamark eller gjødsla beite og i tida mellom kl.16:00 og 22:00. Mindreholmar, verneområde og anna areal på hovudøyane er friområdeforgrågjæs.

Rennesøy kommune søker om tidlegjakt frå 26.juli frem til 10. august, og ønsker jakt om kvelden (kl.16:00–22:00).

Resultat frå teljingar lokalt, nasjonalt og internasjonalt viser at bestanden av grågås er stor og robust, og det er ikkje grunn til å frykte at den ikkje vil tole eit auka uttak gjennom jakt. Etter at klagefristen er ute vil Fylkesmannen sende ny forskrift til kunngjering.