Kommunen kan ha sendt skattesetlar til feil adresse i Finnøy.

Onsdag i sist veke inviterte Næringshagen til workshop på Utsyn om utvikling av Judaberg sentrum. Snautt 40 personar møtte fram, og langt dei fleste vil ha bar i sentrum, gjerne ein sportsbar.,

Å utvikla sentrum er ingen ny idé. Allereie tidleg i 2017 tok kommunen initiativ til ei prosjektgruppe som skulle jobba fram gode løysingar, under mottoet " Saman for eit levande sentrum."

Kommunen fekk på det tidspunktet 280 000 kroner frå fylkeskommunen til prosjektet «Attraktive tettstader» og målet var at prosjektet skulle vera ferdig planlagt og klar til realisering innan 1. januar 2020. Sidan har det vore stilt, inntil nyleg,

Mest tre år etter har Ryfylke Næringshage teke fatt i ballen, og innbyggjarane har fått høve til å komma med innspel på kva som kan gjera sentrum meir attraktivt.

- Det var mest 40 personar som møtte fram så det er tydeleg at dette er eit tema som engasjerer. Dei frammøtte hadde langt på veg samanfallande ønskjer for sentrum. Langt dei fleste ser føre seg ein møteplass i sentrum, gjerne i form av ein sportsbar, fem av seks grupper ville det. Den andre gruppa ville ha kafé eller konditori. Elles var det mange som meinte at ein overnattingsstad ville vera på sin plass, samt ein strandpromenade lang heile sjøkanten i sentrum. Det var og stor stemning for å visa fram den blå/grøne næringa på ein spennande måte. Desse tre punkta var i hovudsak det som meir eller mindre alle var einige om burde vera i sentrum, seier leiar i Næringshagen, Tove Sivertsen.