-Eg håpar dette bygget skal bli til stor glede for både unge og gamle FIL-medlemer, og bli som eit signalbygg i lokalsamfunnet som kan gi ytterlegar vekst og positivitet til idretten på Finnøy, sa Bleie. - Og så har me vore veldig bevisst på å bruka det lokale næringslivet som underentreprenørar. Det har vore eit vinn-vinn for begge parter fordi me har kunna kommunisera på ein grei og enkel måte undervegs i heile prosessen, la han til.,

Formann Hegglund følgde opp, med å takka både medlemene av byggekomiteen og leiaren i komitèen for ein framifrå jobb.- Og ikkje minst det lokale næringslivet for både sponsorbidrag og ein glitrande utført jobb. Ein ekstra takk til deg Gordon (Sunde), som hadde ein idè i hovudet ditt om korleis dette til slutt skulle sjå ut. Og så blir det eit slikt fantastisk bygg som dette...

Me er verkelg heldige som har slike folk som deg, og ikkje minst eit lokalsamfunn som har vist ein tilflytta nordlending som meg, kva dugnad og det å løfta i flokk eigentleg betyr i praksis.

Også den nye kommunen var representert, og frå idrettsetaten i Stavanger overrekte ein imponert idrettskonsulent Jan Ove Ringstad ein flott og stor blomsterbukett som gratulasjonshelsing.

Også NRK Rogaland, TV og radio, hadde fått med seg at noko heilt spesielt var på gang på Finnøy denne dagen, og hadde sendt ut sin reportar.

Lørdag 14. mars blir det stor jubileumsfest på det nye praktbygget på Leikvoll, når både det nye klubbhuset og 75-årsjubileet skal markerast med stor medlemsfest.