På skattejakt på øyane

Fyrstkommande måndag, 12.juli, er det klart for ein annleis ferieaktivitet for heile familien. Ei spennande skattejakt som vil ta deg til Rennesøy, Mosterøy, Talgje, Finnøy, Fogn eller Sjernarøyane.

  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel
Her er gjengen som har laga skattejaktløypene på Fogn. F.v.Heidi Bø Sangedal, Ole Klingsheim, Emily Gjeitnes Pedersen, Suxiang Yuan, Xueer Zhang og Patrick Nikolay Falkeid.

FINNØY:

Skattejakta er tilgjengeleg heile døgnet på alle øyane fram til 22. august.,

Enkelte dagar går det gratis skattejaktbåt frå Strandkaia i Stavanger sentrum. Etter tre timar kjem båten tilbake og tek lykkejegrane med seg tilbake til byen.

- Det som er unikt med denne aktiviteten er at borna bruker sin eigen smarttelefon til å skanna kodar, fylgja ei historie og løysa oppgåver samstundes som dei er ute i friluft og oppdager spennande ting i naturen. Når det er så vakkert som det er i Ryfylke, er det jo ekstra flott å kunne utforska heimlege trakter, det kan jo gi inspirasjon til nye interesser, seier Anne Strømberg Asti i Reveel som er med å legg til rette for jakta på vegne av kommunen.

Ute i terrenget er det plassert ut QR-kodar i terrenget som alle inneheld unik informasjon. Deltakarane skanner kodane med mobilkameraet, og kjem så til ei nettside der dei skal løysa forskjellige oppgåver og får deretter tips som leiar vidare til neste post. Det er totalt ni skattejaktar med 10 postar fordelt på alle øyane.

- Kven passar skattejakta for?

- Me har lagt opp aktivitetane med ulik vanskelegheitsgrad slik at oppgåvene passar for familiar med born mellom 3 og 14 år. Løypene er like varierte og mangfoldige som Ryfylke, og det er oppgåver som passar for alle. Dei går i skogen, ved sjøen, i kulturminneterreng, ved severdigheiter og i mindre tettstader, så her er det mykje å gleda seg til. Alle som deltek er med i trekninga av flotte premiar, seier Anne Strømberg Asti.

Vil du vita meir om skattejakta kan du gå inn på kommunen sine heimesider. Der vil du blant anna finna informasjon om påmelding, kva du bør ha med deg, samt bestilling av skattejaktbåten.