Valgurnene på plass på Judaberg og Vikevåg
Dei første førehandsrøystene ligg alt i valgurna på Judaberg, etter at valglokalet i Innbyggartorget åpna tysdag.
FINNØY-RENNESØY:
Ryfylkekokken Frode Selvaag var blant dei første til å avgi stemme. Han hadde bestemt seg på forhånd kven han skulle stemma på, og slapp dermed valgets kval i stemmelokalet.,
-Eg er interessert i politikk, og føler meg ganske sikker på kva parti eg skal stemma på, seier Selvaag.
Ifølge Rita Lindås i Innbyggarservice hadde det alt vore innom ei handfull for å avgi stemmer i morgontimane tysdag. Også på Innbyggartorget på Vikevåg er det mulig å avgi forhåndsstemme. Det er mulig begge stadene fram til 10. september, og dei to vallokala er åpne mandag, tirsdag, onsdag og fredag frå klokka 08.30 - 15.00, og torsdag mellom 08.30 - 18.00.