Bondelagsleiar Guttorm Gudmestad er saman med mange andre bønder på Rennesøy,Finnøy og Mosterøyklar til å aksjonera mot Staten sitt tilbod i jordbruksoppgjerdet Foto: Øyposten |Bøndene i Rennesøy markerer si misnøye med Staten sitt tilbod i jordbruksoppgjerdet. Foto: Privat|Bøndene på Mosterøy og Rennesøy viser misnøye og aksjonærer mot Staten sitt tilbod i jordbruksoppgjerdet. Foto: Privat

FINNØY/RENNESØY:

-Me har som målsetjing å følgja dei sentrale føringane for aksjonar som Bondelaget sentralt legg opp til, opplyser Guttorm Gudmestad i Rennesøy Bondelag. -Det er likevel opna opp for at lokallaga alt nå kan gjera sine markeringar. Difor var eg personleg med då me duma ein siloballe framfor rådhuset i Stavanger, for å markera vår misnøye. På denne siloballen står det å lesa : "Til opposisjonen-skam dere/ Til Posisjonen: Hjelp oss".,

                             Står klar med møkkaspreiaren

Den rutinerte bonden og mangårige bondelagssleiaren ynskjer ikkje å kvessa aksjonsvåpenet for sterkt for å ramma tredjeparten og den vanlege forbrukaren, noko som han er redd for at kan slå tilbake på dei sjølv.

-Så det blir ikkje noko møkkaspreiing på rådhustrappa eller andre offentlge stader, slik me ser døme på lenger nord på Vestlandet i desse dagar?

-Vel, eg må jo innrømma at eg har fått telefonar frå lokale bønder her i Rennesøy kommunedel som har sagt at dei står klar med gjødselvogna.Men eg har bede dei om å halda gjødselkranen på skitvogna stengt, humrar Gudmestad.-Likevel er reaksjonane sterke og det er vel det dette eigentleg vitnar om, legg Gudmestad og blir meir alvorleg.

-Enn så lenge markerer me dette med å hengja opp bannerar med påskrift om at "Norge trenger bonden".  Men det kjem nok meir og kraftigare markeringar, åtvarar bondelagsleiaren og held korta tett til brystet enn så lenge.

-Vil avspegla kor me har politikarane og partia

Den nyvalgte unge bondelagsleiaren i Finnøy Bondelag, Erik Haraldseid Bleie, gir og klart uttrykk for at tilbodet frå staten og landbruks- og matminister Bollestad var alt for dårleg. Difor hadde heller ikkje organisasjoanne eigentleg noko val, og måtte bryta.

-Det var skapt store forventningar til årets jordbruksoppgjerd over lang tid i forkant blandt oss bønder. Så når då tilbodet blir så dårleg, og så langt unna kravet, var det nok berre rett å bryta, meiner Haraldseid Bleie.

-Kvifor det. Ein vil jo alltid oppnå bevegelsar, og gjerne betydelege tillegg også utover det som tilbodet i utgangspunktet er gjennom forhandlingar. Det viser jo alle erfaringar?

-Det er nok korrekt, men denne gongen var både det såkalla bondeopprøret med 25 000 underskrifter og det store avvviket i jordrdbruket sitt krav, og staten sitt tilbod, det utslgsgjevande. Og så er det jo eit valgår. Nå vil oppgjerdet gå til Stortinget som skal vedta rammene i årets jordbruksoppgjer. Då vil må jo få avspegla kor dei ulike politiske står i landbrukspolitikken, og kva dei eigentleg vil med norsk landbruk. Det er også ei viktig oppklaring i det heile, avsluttar Haraldseid Bleie.