Stephan Dickinson sel seg heilt ut av Øyposten.

FINNØY:

-Eg sel for å ha ressursar til å gå vidare med restaurant-planane på Judaberg, seier Dickinson til Øyposten.,

Nøyaktig kor mykje heile salet av Øyposten har gitt han av inntekter, er ikkje kjent, men Dickinson sjølv opplyser at det har gitt han "nokre millionar" kroner.

-Pengane vil eg bruka til å byggja opp restauranten og uteserveringa  på Judaberg. Det vil kreva pengar, men finansieringa ser nå lovande ut. Går alt etter planen kan me kanskje åpna alt til påske, seier han.

Øyulf Hjertnes er styreleiar i Øyposten.

Eigedomsutviklaren på Finnøy legg dessutan til at det å sitja med ein minoritesandel i eit selskap, er ganske forskjellig frå å ha majoriteten.

-Men Schibsted vil fortsatt ha med meg i styret, og det har eg sagt ja til. Eg trur fortsatt eg har noko å tilføra Øyposten, etter å ha eigd og drive avisa i snart 10 år, seier han.

Det var i sommar det blei kjent at Schibsted kjøpte seg inn i Øyposten. Etter det har Stephan Dickinson kjøpte Martha Aas-eigedommen i Judaberg sentrum, kor han har planar om servering.

-Planane mine er blitt svært godt mottekne i kommunen, seier han.

-Er du åleine om planane?

-På eigarsida i eigedommen, ja, men eg er åpen for å ha gode folk med meg når det gjeld drifta av serveringsstaden. Og her er det dessutan noko på gang, utan at eg foreløpig kan gå i detaljar. Men servering, det blir det, slår Dickinson fast.

Styreleiar i Øyposten, Øyulf Hjertenes, seier at kjøpet av dei siste 20 prosent av aksjane ikkje endrar noko på Schibsted sin strategi.

-Me ynskjer fortsatt å utvikla Øyposten og dotterselskapet Randaberg 24. Dette var ein mulighet som låg i avtalen, og salet er oppgjort i ein god og venskapleg tone, seier Hjertenes.