Finnøy med i Gladmaten for første gang

Når årets Gladmat åpnar i Stavanger neste veke, er også Finnøy for første gang med i programmet. Det er eit samarbeid med Ryfylkekokken, Innbyggartorget og Tomatfestivalen.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel
Cathrine Selvaag i Ryfylkekokken inviteter til Gladmat på Finnøy, saman med Edle Skeiseid (ved bordet til ventre, Elin Flesjå og Lars Skeiseid frå Tomatfestivalen og Rita Lindås frå Innbyggartorget.

FINNØY: -Gladmaten får ein  satellitt på Finnøy i8 år, seier Cathrine Selvaag til Øyposten.,

Utanfor kafeen i Innbyggartorget er det planlagt aktivitetar både onsdag og torsdag komande veke. Tomatfestivalen stiller med tomatlykkehjul og tomatsprett’en, mens Innbyggartorget organiserer teikneaktivitetar for barn. Ryfylkekokken, som driv kafeen i Innbyggartorget, byd på ein gladmatrett laga på lokale finnøytomater i tillegg til vanleg meny.

Ny uteservering

-Når Finnfast blir gratis frå neste torsdag, kan folk som ikkje har lyst til å gå i mengden i byen ta turen til fredelege og idylliske Judaberg, reklamerer Selvaag, som understrekar at avstand og smittevern fortsatt er viktig.

Kafeen i Innbyggartorget åpna nyleg utservering, med tidsrette bord og stolar i cortenstål og tre.

Dei er laga for å tola vêr og vind og er samtidig praktiske fordi dei har hjul og kan flyttast rundt. Hagelaget har levert blomar, forskjellige urter til hygge og nytte, samt to store prydtre i spesiallaga stålpotter frå Roda Maskin. Også Arak har hjelpt til med å få på plass det nye tilbudet.

Møteplass

-Eg trur dette kan bli ein kjekk møteplass både for fastbuande, turistar og hyttefolk. Tenk på alle båtturistane som kjem til Judaberg når Coop får bryggene sine klare.

– Me er kjempegodt nøgd med alt saman. No håpar me berre folk vil bruka kafeen og gjer plassen til ein møtestad. Akkurat no er det plass til rundt 20 personar, men det blir fleire etter kvart som det blir lette i korona-restriksjonane. Frå i dag av byrjar og sommaropninga, det vil sei at kafeen er open kvar dag ifrå tysdag til og med laurdag ifrå klokka 1000 til 1500, opplyser Cathrine Selvaag.

Bilettekst:

Cathrine Selvaag i Ryfylkekokken inviteter til Gladmat på Finnøy, saman med Edle Skeiseid (ved bordet til ventre, Elin Flesjå og Lars Skeiseid frå Tomatfestivalen og Rita Lindås frå Innbyggartorget. (Foto: Rune Nedrebø)