Her ligg alt klart til musikkorpset

I eit lagerrom på Sentralskulen på Finnøy er både uniformer og instrumenter lagra, klare til å bli tatt i bruk når musikkorpset på øya er oppe og går igjen, slik det er planlagt.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel
Kristian Spanne slår på stortromma i anledning forsøket på å få igang musikkorpset igjen på Finnøy.|Fine uniformsjakkar, raude, med tilhøyrande svarte bukser.|Korpsfana for skulemusikkorpset er også tatt vare på. |Uniformsluene ventar bare på å bli sett på eit korpshovud.

FINNØY:

-Det skal vera uniformer til 25 musikkantar her, seier Kristan Spanne til Øyposten.,

Spanne er initiativtakar til å få korpset på øya i gang igjen, og er ivrig etter å visa kva grunnlag korpset har å starta på. I det vesle lagerrommet heng raude uniformsjakkar med tilhøyrande svarte bukser side om side klare til å bli henta fram igjen. Instrumentene er pakka ned i koffertar, og i ei øskje på øverste hylle ligg fine uniformsluer.

Uniformsluene ventar bare på å bli sett på eit korpshovud.

-For Finnøy kan det bli ein pryd å få dette opp og gå igjen, det skal me få til, seier Spanne entusiastisk.

Til og med korpsfana er her, med Finnøy Skulekorps 1960 sydd med svarte bokstavar på grøn botn, og med det som både kan vera eit stort raudt eple eller ei stor raud tomat i midten.

Korpsfana for skulemusikkorpset er også tatt vare på.

I ein stor bag ligg ei stortromme med sangar klistra på. Denne kan siste gong ha blitt brukt 17. mai, for ho er dekorert med norske flaggbanner.

-Det er mange år sidan den var i bruk, men nå kan ho kanskje bli henta fram igjen, seier Kristian Spanne, som bed alle musikkinteresserte i å ta kontakt med han, eller andre i styret.

I tillegg til Spanne, sit Anne Brit Landa Watson, Marie Aalhus  og Anita Mjølsnes Helle i styret som nå skal prøva å dra musikkorpset i gang igjen. Sist det var musikkorps på Finnøy skal ha vore i 2015.

Fine uniformsjakkar, raude, med tilhøyrande svarte bukser.