Ørn til angrep i Nådesundet

Tysdag i denne veka opplevde Merete Oftedahl Cox i Nådesundet eit sjeldan syn; ei ørn som angreip ein grågås-unge.

  • Gudmund Rørheim
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel
Ørna gjekk til angrep på ein flokk gjess i Nådåsundet.
https://www.oyposten.no/wp-content/uploads/2021/06/orn.mp4

- Eg forstod det måtte vera noko alvorleg på gang, for plutseleg høyrde eg eit forferdeleg leven like utanfor huset.

Då eg fekk lokalisert lyden, såg eg det var full mobilisering av kråker, måker og heigrer, som angreip ørna som forsøkte å ta den vesle grågås-ungen. Det var ganske fasinerande å sjå korleis fuglane jobba saman, korleis ein haug med hjelparar plutseleg berre var på plass, og korleis dei grupperte og fekk jobben gjort, fortel Oftedahl Cox.

- Er grågåsa eit problem i området?

- For meg personleg er det ikkje det. Eg tykkjer faktiske det er kjekt å sjå på dei, det er jo eit vårteikn når dei kjem innover i store flokkar. Men eg forstår at ikkje bøndene er like begeistra. Dei gjer mykje skade på beitemarkene, og det er sjølvsagt problematisk. Det var uansett kjekt å sjå korleis fuglane ordna opp seg i mellom, fortel Oftedal Cox