I slutten av juli er det kroken på døra for Sr-bank i Finnøy. Foto: Oddbjørg Måland.|Her, i dette lokalet kor Finnøy Blomster nå held til, starta banken på Finnøy.

FINNØY:

Det er den «nye» tida som gjer at det ikkje lenger er behov for tradisjonell bankdrift  på Finnøy.,

I mars 2019 blei banken lagt ned, men oppretta kontor i Næringshagen for å gi kundene som framleis hadde behov, mulighet til å møta ein rådgjevar personleg. Men nå er heller ikkje dette lenger mulig.

Dei siste som jobba i avdelinga på Finnøy, som stengde dørene i fjor. F.v Leif Jakob Flesjå, Anny Bergeland, Geir Asbjørn Saupstad, Leiv Kåre Asbjørnsen, Svein Nordbø og Mai Brit Hanasand. Banken skulle ha eit servicekontor ein dag i veka, men dette stengjer nå også døra.

- Det er ikkje berre nye tider som gjer at det ikkje lenger er behov, men også pandemien. Kontoret har ikkje blitt så mykje brukt slik me gjerne trudde, men pandemien har og gjort situasjonen ekstra krevjande.

Sjølv om det berre har vore ope ein gong i veka, har eit eige kontor ikkje så mykje for seg lenger. For dei i Finnøy som treng kontakt med banken, har me rådgjevarar ved kontoret vårt på Randaberg. Dessutan kan kundane utføra dei fleste banktenestene på telefon eller pc.

Det me som så mange andre har lært under pandemien, er at den har framskunda digitaliseringa. Behovet for å snakka med nokon i banken er ikkje det same som før. Til gjengjeld kan me arrangera nettmøter mellom kunde og rådgjevar slik at alle får den hjelpa dei treng, seier banksjef i Geir Saupstad i SR-Bank til Øyposten.

Det var lensmann Skavland frå Talgje som i 1852 var med å oppretta Finnøy Sparebank i Asheimhuset i sentrum.

Her, i dette lokalet kor Finnøy Blomster nå held til, starta banken på Finnøy. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

124 år seinare slo fleire sparebankar seg saman og etablerte SR-bank, som har vore representert med eige bankbygg på Finnøy heilt til nå. Det siste halvanna året utan fysisk bank rett nok, men likevel til stades gjennom eit såkalla avtalekontor i Næringshagen.