Frå fyrstkommande fredag er Finnøy med i billettordninga HjemjobbHjem. Foto: Arkiv.

FINNØY: Ifrå 12. oktober kan alle som bur i Finnøy og jobbar i ein medlemsbedrift på Nord-Jæren delta i ordninga.,

- Dette er heilt ferske nyheiter som me vil oppdatera på nettsidene våre frå måndag av, seier kommunikasjonsrådgjevar i Kolumbus, Elisabeth Tostensen.

Dette har vore ei sak som har skapt stort engasjement i denne delen av den nye kommunen. Mange har lete seg provosera av det dei opplever som forskjellsbehandling innad i ein og same kommune. Men med dette vedtaket som blei vedtatt av Fylkestinget får innbyggjarane i Finnøy langt på veg ta del i fellesgodane.

- No er det også slik at Finnøy kjem inn under sone 1 som betyr at billetten kostar 515 kroner per månad, slik som resten av kommunen, fortel Tostensen.

Hjemjobbhjem er ei mobilitetsordning retta mot bedriftsmarkedet på Nord-Jæren. Målsettinga er å redusera personbiltrafikken i byområda gjennom å legga til rette for at fleire vel å gå, sykla eller reisa kollektivt til og frå jobb. Det er berre dei som er tilsette i ein Hjemjobbhjem-bedrift som har høve til å kjøpa ein Hjemjobbhjem-billett.

- Hjemjobbhjem-billetten fungerer som ein periodebillett som kan brukas på alle Kolumbus sine bussar heile døgnet. Den kan og brukast på hurtigbåten til Byøyane/Hommersåk og Vassøyferja, men ikkje på Nattfløtten. I tillegg kan HjemJobbHjem-billetten brukast på Jærbanen. Og ifrå 12. oktober vil altså billetten og gjelda på hurtigbåt og ferje i nye Stavanger kommune, nye Sandnes kommune og Kvitsøy kommune, seier Tostensen.

Billetten er personleg og kan ikkje brukast av andre.