Rune Nedrebø,

FINNØY:

Ordførar Kari Nessa Nordtun let seg begeistra av småbutikkane på Judaberg, under sin mini besøksrunde til øyane sist veke. Ho handla både gongkaker og blomster med seg tilbake til byen.,

- Skikkeleg koseleg og stemningsfullt, slår ordføraren fast då ho stig inn i Kaihuset på Judaberg. Med seg har ho sentrale folk frå kommunen i Stavanger; næringssjef Anne Woie og kommunikasjonsrådgjevar Thomas Bore Olsen.

Både ordførar og næringssjef spør interessert etter korleis drifta går, og kva opplegget er for Kaihuset. "Så bra", seier dei begge oppglødd då butikkeigar Tove Rosland kan fortelja om eit år som ho trur kjem til å toppa 2019.

Næringssjef Anne Woie røper at ho ofte pleier å "tøma lommeboka" her, når ho er på Judaberg, og ordføraren kjøpte like godt med seg ein pose "Finnøy spesial"; gongkaker.

Besøket i Kaihuset var eit av fleire besøk i Finnøy og Rennesøy denne dagen. Både Finnøy Blomster, Finnøy Betong, Grieg, Rennesøy Trafikk og butikkane på Askje stod på lista. Men dagen, den blei starta med eit besøk og intervju i Øyposten.

Der blir ordføraren minna om intervjuet Øyposten hadde med henne for eit år sidan, kor ho lova å besøka alle øyane i den nye kommunen.

-Det løftet står ved lag, forsikrar Nessa Nordtun.

-Men det let seg ikkje gjera nå på grunn av koronaen. Tanken var å ta med alle gruppeleiarane på turen, men det måtte me skrinleggja nå. Men neste år håpar eg det skal la seg gjera, seier ho.

Testa lokalkunnskapane

I det same intervjuet i fjor hadde Øyposten med ein liten, uhøgtidleg Quiz, for å testa kunnskapane om øyane. Det var fem spørsmål, og Nessa Nordtun traff blik på to av dei. Difor er det dags for ein liten repetisjon, for å testa framgangen sidan sist.

Me tek dei tre kor ho svarte feil:

-Kva er Stavangers høgaste punkt?

-Ombo, kjem det lynkjapt. – Bandåsen, skundar ho seg å leggja til.

Dette er lovande. Kan ho nemna dei tre steinkyrkjene i Finnøy og Rennesøy?

-Sørbø. Utstein kloster? Er det ikkje ei like borti her også, på Judaberg?

Her blei det ein rett. Sørbø kyrkje på Rennesøy. Dei andre to er Talgje kyrkje og Hesby kyrkje på Finnøy. Steinbygningen på Judaberg er bedehuset Bethel.

-Kven var Alfred Hauge, og kor var han frå?

-Han var forfattar, ikkje sant?

-Det er rett, men kor var han frå.

Her må ordføraren melda pass (han var frå Sjernarøy). -Men nå kjem eg garantert til å hugsa det, slår ho fast.

Raud klut

Smilet og latteren set laust hos ordføraren, og ho ler godt då me spør henne om korleis det er å halda Frode Myrhol i øyrene, og om Myrhol er like mykje ein raud klut for henne som han er for ein del i øyane.

-Me er seks ulike parti som skal bli enige, og då blir det alltid diskusjon. Men det har gått overraskande godt, til dømes blei me enige om budsjettet for neste år utan for mykje om og men,  sjølv om me måtte stramma inn, seier ho.

-Finnøy har 3000 innbyggjarar, Rennesøy 4500, mens bydeler i byen har 10.000-20.000 innbyggjarar. Kva mulighet har me til å nå fram i dette selskapet?

-Alle er innbyggjarar i Stavanger, og alle tel like mykje, enten dei bur i byen eller på Finnøy, svarar ordføraren, som meiner den største utfordringa i den nye kommunen er å byggja ein felles identitet og tilhøyrighet.

Vanskeleg båt-valg

Som eit eksempel på at interessene for øyane står høgt på dagsorden, nemner ho det foreslåtte kuttet i hurtigbåtilbudet. Då det var på tapet måtte ho gjera det ho synes var eit kjempevanskeleg valg. Skulle Stavanger kjempa for ruta til byøyane eller ruta til Sauda. Stavanger gjekk for det siste.

-Det var ein utruleg vanskeleg situasjon. For at folk skal kunne bu i heile kommunen er det viktig med eit godt kollektivtilbud, både til sjøs og til lands, understrekar ho.

Elles har kanskje oppmerksomme lesarar fått med seg at Stavanger Ap vil ha fleire pol. Hundvåg har vore nemnt, men kva då med Vikevåg, lurer me på.

-Viss det er eit ønske frå Rennesøy, vil me rette ein henvendelse til Vinmonopolet om dette. Men det er til sjuande og sist Vinmonopolet som avgjer, avsluttar ordførar Kari Nessa Nordtun, før Anne Woie skyt inn nokre rosande ord om Innbyggartorget.

-Når unge blei spurt om kva dei saknar på Finnøy, var det å gå på kafé, slik som i Stavanger. Det har Judaberg nå fått, og det er opp til heile Stavangher å bruka han slik at han overlever. Det er eit flott tilbud, seier ho.