Tarald og Karin Lauvsnes kosar seg med å bla i gamle utgåver av Øyposten frå hans tid som redaktør. Å laga Øyposten involverte begge ektefellene, men bare den eine jobben var lønna. (Foto: Rune Nedrebø).

FINNØY:

I Flåklypa-samfunnet bestod underhaldninga av ein tur til stasjonen morgon og ettermiddag for å forveta seg på kven som kom og reiste med toget. Dei mest nytelssjuke fekk også med seg godstoget klokka 11 om kvelden, ifølge Aukrust.,

Ikkje så ulikt kaien på Judaberg «i gamle dagar» med andre ord.

Øyposten den gong var eit skikkeleg handtverk i ordet sin rette forstand. Redaktør Tarald skreiv artiklane for hand, som kona Karin så skreiv på maskin. Karin var frå Randaberg, hadde gått på handelsskule og jobba som sekretær hos Peder S. Fjetland, og kunne dette med maskinskriving.

Heime i huset på Lauvsnes blei lyden av klakkinga på skrivemaskinen reine voggesongen for ungane. Tarald knipsa bileta som skulle med i bladet med sitt private fotoapparat, og hadde rigga seg til med mørkerom heime på Lauvsnes.

Heile familien var med

Når Karin var ferdig med det som skulle på trykk, var det for Tarald å ta ein tur på kaien og håpa at nokon skulle til byen som ville vera «kurer» og ta med manusa til trykkeriet. Nå passa det seg slik at trykkeriet, Tou Trykk, låg på kaien like ved Fiskepiren i Stavanger, så det var heldigvis ingen lang omveg.

Då trykkeriet var ferdig med denne del av jobben, blei dei ferdige spaltene sende inn igjen til Finnøy. Der var det på ‘an igjen for Tarald og Karin for å luka ut alle «trykkleifar», før saks og lim blei henta fram og bladet skulle få si form. Typografar var eit ukjent begrep på Lauvsnes i dei dagar, og bileta blei plassert på sidene slik ekteparet tykte passa best før teksten blei dandert rundt.

Så var det å finna ein ny kurer til trykkeriet i byen, før det ferdige produktet endelege ankom kommunekontoret klar til distribusjon.

Reportasjeturane var også eit kapittel for seg. Heile familien blei ofte med på lasset.

-Det var veldig triveleg, me tok det som ein tur. Tarald hadde jobba på landbrukskontoret før han begynte i Øyposten, og var kjent i kvar krok i kommunen. Han visste alltid kor me skulle stoppa og kvar det det var noko å skriva om, fortel Karin Lauvsnes.

Eit års prøvetid

Det første nummeret av Øyposten kom ut på haustparten for 50 år sidan, og dei første åra var det ei redaksjonsnemnd som styrde det som skulle med i bladet. Men etter nokre år blei stillinga lyst ledig med ei årsløn på 25.000 kroner, men utan at arbeidstida var fastsett og med eit års prøvetid. Slik gjorde dei det då, men det ville neppe gått i dag. Tarald blei tilsett som redaktør som den første i jobben, og blei der i tre og eit halvt år.

-Det blei nok mange timar gratisarbeid, seier Tarald Lauvsnes.

Øyposten den gongen var eigd av kommunen, og var eit reindyrka kommunalt informasjonsblad i tillegg til også fungera som kyrkjeblad. Bladet gjekk ut gratis til alle husstandar.

Ein viktig del av jobben for redaktøren bestod i å dekka alle kommunale møter.

For å sikra at Øyposten fekk med seg alt,  blei det til og med foreslått at møta i kommunestyret skulle takast opp på band og at alt som blei sagt skulle stå ordrett på trykk i bladet.

-Eg trur dei kan prisa seg lykkelege for at det ikkje blei noko av, for det var ikkje alt som var verd å setja på trykk,  humrar Tarald Lauvsnes.

Tarald Lauvsnes hugsar tilbake på tida i Øyposten med glede, sjølv om det også var ei travel tid. Han og kona var både småbarnsforeldre og dreiv gard i tillegg til å vera «redaktørektepar. Lauvnes var så heldig å vera redaktør i ei blomstringstid for kommunen kor mykje skjedde og det var mykje nytt å skriva om på alle øyane.

Dessutan var nokre av bygdemeldarane fortsatt aktive, med gode og velskrivne innlegg frå folk som Arne Hauge, Olaug N. Nedrebø og Rasmus Golf.

Øy-rivalisering

Samferdsla blei revolusjonert med ferjer og bruer, og jordbruket strutta av optimisme og pågangsmot. Det fortel sitt når Rasmus Golf på Ombo i eit innlegg i bladet på den tida rekna over at det hadde skjedd eit «generasjonsskifte» i  20 tun på finnøysida av øya, og at fråflyttingsspøkelset var borte.

Dessutan var det ei brytningstid kulturelt kor det strenge og kontrollerande samfunnet var i ferd med å missa grepet. Tarald Lauvsnes melde seg sjølv seinare ut av statskyrkja.

-Eg har nok alltid vore litt «firkanta», men etter mi meining skal ikkje staten leggja seg oppi kva folk tur på, det er ei privatsak. Det spørs likevel om eg hadde fått jobben som redaktør i 1976 viss eg den gongen ikkje hadde stått i statskyrkja, seier Tarald Lauvsnes.

Øyposten er nå 50 år, og Tarald Lauvsnes har fått med seg at avisa nå prøver å satsa i Rennesøy. Skjønar me han rett, tykkjer han det er modig gjort.

-Rennesøy og Finnøy har alltid vore rivalar, meiner han.

-Vil Øyposten leva i mange år framover?

-Den største utfordringa for alle aviser, også Øyposten, er informasjonsflaumen som er i dag. Det er ein fare for at folk blir metta av nyheter, avsluttar Tarald Lauvsnes.