Piggtrådgjerde på gardane skal bort, er målet.

STAVANGER:

Målsettinga er å fjerne gamal og/eller ståande piggtråd i landbruket. Gardbrukaren blir honorert med tilskot og rabatt ved innkjøp av piggfri stålwire.,Bakgrunnen for prosjektet «

Piggfrie gardsbruk 2021

» er dyrevelferdslova frå 01.01.2010. Etter § 15 i dyrevelferdslova er det forbode å nytta piggtråd til gjerde for å regulere dyrs ferdsel. Med dyrs ferdsel meinast det i hovudsak husdyr, vilt og kjæledyr. Dette gjeld også gjerde rundt hytter og langs med veg.,

Tilskot og rabatt

  • Tilrådde kommunale satsar for fjerning er frå 10 til 15 kr pr. meter piggtråd alt etter terreng, tilgjengelegheit og om det er piggtråd i ulike høgdar. I tilskotssatsen er det tatt høgde for innkjøp og arbeid med å erstatte piggtråden med piggfri gjerdetråd. Stavanger kommune skal bruke stats per meter gjerde for å berekne tilskot og ikkje bruke tilskot per time med arbeid.

  • Gamal piggtråd kan gardbrukaren levere til ein gjenvinningsstasjon. På kommunale miljøstasjonar får du ikkje betalt for piggtråd. - Dei får då betalt marknadspris for innlevering av stål, satsen er om lag 800 kr pr. tonn. Dette gjeld om du leverer på følgjande plassar:

  • Felleskjøpet Rogaland Agder gir 10 prosent rabatt ved kjøp av ny piggfri stålwire. Tilbodet er avgrensa til Rogaland, og gjeld ut 2021.

God dyrevelferd

Søknad om SMIL midlar sendast digitalt via Altinn

. Dokumentasjonen sendast saman med søknaden som vedlegg.,

Vi håper bøndene i Stavanger vil støtte opp om satsinga i 2021. Eit kulturlandskap utan piggtråd trygger ferdselen for dyr og menneske og fremmer god dyrevelferd.

Søknadsfrist for SMIL-midlar er 6.4.2021. Men om du må fjerne piggtråd før beitesesongen startar kan du søkje nå og vi skal behandle søknadane der dette er tilfelle allereie nå før den generelle søknadsfristen.