"Fjordfart" blir sett inn i ruta etter grunnstøytinga.

STAVANGER

: -Eg er begeistra over det eg har fått høyra, dette ser veldig lovande ut men det må sjølvsagt kvalitetssikrast først,  seier Alexander Rügert-Raustein til Øyposten.,

Leiaren i samferdselsutvalet i fylket fekk onsdag overlevert aksjonsgruppa (Ryfylkeaksjonen2020) sitt svar på planane om kutt i hurtigbåttilbudet.

Eit hovedpunkt i forslaget er at gruppa med eit betre ruteopplegg meiner det er tilstrekkeleg med fire hurtigbåtar i Ryfylke, mot seks i dag. Dessutan meiner gruppa det vil vera både billegare og meir miljøvenleg å fortsetja med dagens hurtigbåtar, i staden for å kjøpa inn nye.

"Me ynskjer at ein i staden for å lyse ut eit ruteoppsettog be om pris frå reiarlaga for å drifte dette, så gjer ein det heller omvendt: Ein lyser ut at ein har til dømes 100 millionar kroner til rådvelde og ynskjer å gi rutetilbod som vist i eit vedlagt ruteoppsett. Ved val av operatør vil det då vera naturleg å gi plusspoeng dersom dei kan gi betre rutetilbodenn forslaget. Til dømes vil fleire anløp av kaiar, betre båtmateriell eller framdriftsteknologi gi poeng. Kvalitet på resvervemateriell vil òg vera viktig", heiter det mellom anna i forslaget.

Gruppa vil ikkje at buss skal avløysa hurtigbåten sør for Judaberg, og viser mellom anna til målsettinga om eit aldersvenleg samfunn. Opplegge frå aksjonsgruppa skal presenterast for ruterådet, som er sett saman av grendelaga i Finnøy, på eit møte på Judaberg seinare i dag.

Heile rapporten finn du her:

https://www.oyposten.no/wp-content/uploads/2021/02/Ruter-i-Ryfylke-16-02-2020.pdf