Det er aldri for seint å knyta venskapsband. F.v Jenny Olsen (100) og Eldrid Nesheim (101). Foto: Oddbjørg Måland

FINNØY:

Dei to «unge jentene», som dei likar å kalla seg sjølve, er kjappe i replikkane og har stor sans for humor. Dei kom til Abeltunet samtidig, for rundt tre veker sidan, og på den korte tida har dei utvikla eit nært og gjensidig venskap.,

- Me «syde» slik med å skiljast ifrå kvarandre, nå når me har det så gildt i lag. Det er med blanda følelsar me reiser herifrå om nokre dagar. Me kjem til sakna både bebuarar og dei tilsette, sa dei to då Øyposten snakka med dei like før jul.

Begge jentene reiste heim til jul, og kjem ikkje tilbake til sjukeheimen etterpå. Dei uttrykker glede og begeistring for opphaldet på sjukeheimen, og forlater Abeltunet med mange gode minner.

- Eg lurer på korleis me skal klara halda kontakten, undrast Jenny.

Når me har med to så vaksne og spreke damer å gjera, er det vanskeleg å komma utanom det evinnelege spørsmålet; kva er oppskrifta?

- Sjå på Jenny, ho har aldri vore sjuk, ho er så sprek, seier Eldrid og smiler til veninna si. Mest alle eg snakkar med vil bli 100 år. Eg veit ikkje om det finns ei oppskrift, men eg har hatt eit godt liv som bondekone på Sjernarøyane. Kvar kveld heilt til mannen min døydde la eg handa mi i hans før me sovna. Det er godt å tenka på.

- Eg og har og hatt eit godt ekteskap. I tillegg har eg ete lite og ofte, og vore aktiv gjennom heile livet, fortel Jenny. Ho har jobba mange år på Vikingkafeen på jernbanestasjonen i Stavanger.

- Der har eg sett mange som ikkje har det så bra. Men det aller viktigaste, er gode gener og godt humør, og det har me begge.

- Ja, det er det viktigaste, nikkar Eldrid.

- Kva med tida framover?

- Eg tek ein dag om gongen fortel Eldrid. Jenny tek eitt år.

- Ja, eg for eg er jo berre 100, smiler Jenny.