Kinoentusiast Anne-Kristin Sæther frå Rennesøy.

RENNESØY:

-Ifølge reglane for smittevern kan me ikkje ha meir enn 10 i salen under kvar foresatilling, det er for lite. Difor har me avlyst to forestillingar etter nyttår, opplyser kinosjef Anne-Kristin Sæther i Rennesøy bygdekino til Øyposten.,

Bygdekinoen held til i Kulturhuset Meieriet i Vikevåg, og har ikkje fastmonterte seter. Difor er det ikkje lov til å ha meir enn 10 i salen, sjølv om Stavanger kommune nå legg seg på dei nasjonale retningslinene for smittevern.

-Me satsar likevel på å koma i gang igjen så snart det blir åpna for fleire i salen, og håpar det kan bli lov å ha 50 snart, slik det var før jul, seier Sæther, som legg til at ho har forståelse for restriksjonane av hensyn til korona-pandemien.

Bygdekinoen på Rennbesøy har planlagt ei forestilling 15 februar, med to filmar på plakaten. Det er barnefilmen om Lassie og den norske kritikarroste filmen "Den største forbrytelsen". Om forestillingane går som planlagt er foreløpig usikkert. Neste framsyning etter dette er planlagt 1. mars i vinterferien.